Phyllis Dorothy «P.D.» James, baronesse James av Holland Park, () var ein britisk forfattar av ei rekkje kriminalromanar. Mest kjent er kanskje bøkene hennar om etterforskaren Adam Dalgliesh, som også danna utgangspunktet for fleire TV-seriar. Ho debuterte i 1962 med kriminalromanen Cover Her Face, som var den fyrste romanen om Dalgliesh.

Liv og virke

Bakgrunn James var fødd i Oxford. Ho måtte avslutta skulegangen ved 16 års alder for å ta seg arbeid, sidan familien var fattig og faren ikkje hadde tru på høgare utdanning for jenter.

Tidleg karriere Ho arbeidde på eit skattekontor i tre år, og fekk seinare arbeid som assisterande inspisient for ei teatergruppe.

I 1941 gifta ho seg med Connor Bantry White, som var lege i hæren. James gjorde sjølv teneste som sjukepleiar under andre verdskrigen.Emma Brockes: «The Guardian profile: PD James» Guardian.co.uk, besøkt 16. juni 2013.} Deretter arbeidde ho i mange år i innanriksdepartementet innan kriminal- og sjukepleia. Ho arbeidde i mange år ved avdelinga for kriminalteknikk, og deretter med kriminell juss.

Forfattarskap James debuterte som forfattar i 1962, då ho var 42 år. Det var med kriminalromanen Cover Her Face, som også introduserte den best kjende detektiven hennar, Adam Dalgliesh ved Scotland Yard. Boka fekk gode kritikkar. Seinare, i An Unsuitable Job for a Woman i 1972, introduserte ho òg den kvinnelege privatdetektiven Cordelia Gray. I 1979 blei ho forfattar på heiltid. Den åttande boka hennar, Innocent Blood frå 1980, gav henne internasjonal merksemd.

I tillegg til krim skreiv James ein dystopisk roman, The Children of Men, som kom ut i 1992.

Overhuset Ho var òg medlem av Overhuset i Det britiske parlamentet og blei tildelt fleire ordenar.Forfatteren P.D. James er død nrk.no, 27. november 2014

James var styremedlem i BBC (1988–93), Arts Council (1988–92) og British Council (1988–93). I 1983 mottok ho Order of the British Empire, og i 1991 blei ho utnemnd til life peer, adelstittel for resten av livet med møterett i Overhuset. Ho sat i Overhuset som konservativ. Ho sat òg ein periode i styret for BBC.Forfatteren P.D. James er død nrk.no, 27. november 2014

P.D. James gifta seg med doktor Ernest Connor Bantry White i 1941. Ho blei enkje i 1964 då ektemannen døydde etter lang tids sjukdom. Dei fekk to døtrer (fødd i 1942 og 1944).

Bibliografi Om ikkje anna er oppgjeve, er bøkene kriminalromanar.

Cover Her Face (1962) A Mind to Murder (1963) Unnatural Causes (1967) Shroud for a Nightingale (1971) The Maul and the Pear Tree: The Ratcliffe Highway Murders, 1811 1971 An Unsuitable Job for a Woman (1972) The Black Tower (1975) Death of an Expert Witness (1977) Innocent Blood (1980), roman The Skull Beneath the Skin (1982) A Taste for Death (1985) Devices and Desires (1990) The Children of Men (1992), roman, dystopi Original Sin (1994) A Certain Justice (1997) Time To Be In Earnest (2000), sjølvbiografi Death in Holy Orders (2001) The Murder Room (2003) The Lighthouse (2005) The Private Patient (2008) Death Comes to Pemberley (2011)

Omsetjingar til norsk Norsk tittelUtgittOriginaltittelUtgittMartingale-mordet1976Cover Her face1962Anlegg for mord1977A Mind to Murder1963En upassende jobb for en kvinne1977An Unsuitable Job for a Woman1972Av samme blod1981Innocent Blood1980Mens englene sover1984Shroud for a Nightingale1971Døden i laboratoriet1985Death of an Expert Witness1977Dødsmerket1986The Skull Beneath the Skin1982Dragning mot død1987A Taste for Death1985Intriger og begjær1990Devices and Desires1990Menneskenes barn1993The Children of Men1992Mystiske omstendigheter1994Unnatural Causes1967Arvesynd1994Original Sin1994I rettferdighetens navn1998A Certain Justice1997Hellig død2002Death in Holy Orders2001Mordrommet2004The Murder Room2003Fyret2006The Lighthouse2005Det svarte tårnet2007The Black Tower1975Den siste pasienten2009The Private Patient2008

TV-produksjonar Mange av bøkene om Adam Dalgliesh er vorte til fleire mini-serier og TV-filmar. Den fyrste kom i 1983 med Roy Marsden i rolla som Adam Dalgliesh, og seinare kom to med Martin Shaw. Seriane med Roy Marsden er utvilsamt mest kjende, og han var òg lengst i rolla.

Helen Baxendale spelte hovudrolla i fleire sesongar av ein TV-serie basert på dei to bøkene om Cordelia Gray.

I 2006 kom ei filmatisering av Children of Men. Ho var regissert av Alfonso Cuarón, og hadde Clive Owen i hovudrolla.

Prisar og utmerkingar

Best Novel Award, Mystery Writers of America 1971, for Shroud for a Nightingale The Silver Dagger 1971, for Shroud for a Nightingale Best Novel Award, Mystery Writers of America 1973, for An Unsuitable Job for a Woman The Silver Dagger 1975, for The Black Tower The Silver Dagger 1986, for A Taste for Death The Macavity Award for Best Novel 1987, for A Taste of Death Palle Rosenkrantz-prisen 1987, for Indviet til mord (A Taste of Death) The Cartier Diamond Dagger 1987, for sin samlede produksjon Grand prix de littérature policière 1988, for Un Certain goût pour la mort (A Taste for Death) Deo Gloria Award 1992, for The Children of Men Rivertonklubbens internasjonale ærespris 1993 Svenska Deckarakademins Grand Master-diplom 1996 Grandmaster Award, Mystery Writers of America 1999

Verv og ærestilvisingar

Fellow of the Royal Society of Literature Fellow of the Royal Society of Arts President of the Society of Authors Order of the British Empire 1983 Doctor of Letters, the University of Buckingham (1992) Doctor of Literature, the University of London (1993) Doctor of Letters, the University of Hertfordshire (1994) Doctor of Letters, the University of Glasgow (1995) Doctor of the University, the University of Essex (1996) Doctor of Letters, the University of Durham (1998) Doctor of Letters, the University of Portsmouth (1999) Associate Fellow of Downing College, Cambridge (1986) Honorary Fellow of St Hilda's College, Oxford (1996) Honorary Fellow of Downing College, Cambridge (2000) Honorary Fellow of Girton College, Cambridge (2000)

I 1987 var P.D. James formann for juryen ved utdelinga av Booker-prisen.

Referansar

Kategori:Folk frå Oxford Kategori:Engelskspråklege forfattarar Kategori:Britiske kriminalforfattarar Kategori:Engelske forfattarar