Elise Jones (), kjend under scenenamnet Chloe Cherry, er ein amerikansk skodespelar, modell, og tidlegare pornografisk skodespelar. Ho byrja sin pornografiske karriere i 2015 med Hussie Models, og opptredde etterkvart i over 200 filmar. Ho debuterte som skodespelar i den andre sesongen av HBO-tenåringsdramaserien Euphoria (2022–noverande), i rolla som Faye.

Bakgrunn Cherry blei fødd den 23. august 1997 i Lancaster i Pennsylvania, der ho også blei oppdregen. Ho skildra oppveksten som «veldig konservativ og kjedeleg». På videregåande skule arbeida ho med årboka til skulen, las kunngjeringar om morgonane, og ho var i ein kort periode manager for eit band.

Karriere Ei veke etter Cherry blei 18 år gammal i 2015, flytta ho frå Lancaster til Miami for å bli ein pornografisk skodespelar, og brukte scenenamnet Chloe Couture. Ho fekk kort tid etter kontrakt med det pornografiske modellbyrået Hussie Models, der ho blei representert av Riley Reynolds, før ho flytta til Los Angeles og fekk kontrakt med Spiegler Girls. Ho endra scenenamnet i 2017 frå Chloe Couture til Chloe Cherry på grunn av forveksling mellom ho og ei anna Chloe Couture. Ho hadde spelt hovudroller i over 200 pornografiske filmar i 2019 og blitt populær på Pornhub, der filmane hennar fekk over 125 millionar visningar. Tidleg under COVID-19-pandemien byrja ho å bruke primært OnlyFans til å selje pornografisk innhald.

Cherry debuterte som skodespelar i 2022 i den andre sesongen av HBO-tenåringsdramaserien Euphoria, som birolla Faye, ein rusmiddelavhengig prostituert. Før ho dukka opp i serien (men etter ho blei rollebesatt), laga Cherry ein pornografisk parodi på Euphoria, der ho spela Jules, med ein annan pornografisk skodespelar, Jenna Foxx. Showrunner på Euphoria, Sam Levinson, sende Cherry ein e-post og bad ho om å prøvespele rolla som Ami, ein kvinneleg strippar med rusmiddelavhengighet, etter å ha blitt ein fan av ho på Instagram på grunn av hennar sans for humor. Etter to digitale auditionar gjekk Cherry i person på audition for Levinson i Los Angeles, og fekk rollen som Faye i staden. Cherry blei omtala som ei av «breakout-stjernene» i serien av kritikarane. Ho slutta med pornografi kort etter for å i staden satse på film- og fjernsynsskodespel på heiltid.

Cherry signerte ein kontrakt med det britiske modellbyrået Anti-Agency London i januar 2022. Ho debuterte på catwalken i februar 2022, og gjekk for LaQuan Smith under New York Fashion Week.

Merknadar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Chloe Cherry» frå , den 26. mars 2023.

Bakgrunnsstoff Offisiell nettside Chloe Cherry hos Internet Movie Database. Chloe Cherry hos The Movie Database. Chloe Cherry hos Adult Movie Database. Chloe Cherry hos Internet Adult Film Database.

Kategori:USA-amerikanske skodespelarar Kategori:USA-amerikanske modellar Kategori:USA-amerikanske pornoskodespelarar Kategori:Folk frå Pennsylvania