Anna Hvoslef () var ein av dei fyrste kvinnelege journalistane i Noreg, og den fyrste i Aftenposten, der ho arbeidde frå 1897 til 1935. Som journalist i Aftenposten arbeidde ho hovudsakleg med litteraturjournalistikken. Ho gav også ut reiseskildringar frå reiser i Europa og Amerika.

Hvoslef var aktiv i ei rekkje presseorganisasjonar, og var den fyrste kvinnelege medlemmen av Den Konservative Presses Forening. Ho var den einaste kvinnelege delegaten på det 2. nordiske pressemøtet i København i 1902. Anna Hvoslef var formann for Norsk Kvinnesaksforening frå 1930 til 1935.

Anna Hvoslef var dotter av amtmannen Johan Christian Georg Hvoslef.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Anna Hvoslef» frå , den 25. mars 2023.

Kategori:Norske journalistar Kategori:Norske kvinnesaksfolk Kategori:Journalistar i Aftenposten Kategori:Folk frå Larvik Kategori:Medlemmar av Norsk Kvinnesaksforening