Aurora er ein by i delstaten Illinois i USA med om lag 180 000 ibuarar. Byen blei grunnlagd i 1834. Han er ein del av storbyområdet i kring Chicago, og er den nest største byen i Illinois, etter Chicago.

Aurora ligg ved elva Fox River, ei bielv til Illinoiselva. Han byrja som to landsbyar: East Aurora på austbreidda av elva og West Aurora på vestbreidda. East Aurora blei formelt inkorporert i 1845 og West Aurora i 1854. Dei to busetnadane blei slått saman til ein by i 1857. På grunn av rivalisering mellom dei to landsbyane blei dei offentlege bygningane i Aurora plasserte på eller ei øy i midten av elva, Stolp Island, og ordførarar blei vekselvis valde frå kvar side fram til 1913.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Aurora, Illinois» frå , den 23. mars 2023.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Illinois