thumb|Foreldra til Antonie Løchen Anne og Herman Løchen. Antonie Løchen () var ein norsk venstrepolitikar og kvinnesakskvinne i Trondheim. Ho stifta Trondhjems Kvinnesaksforening, som ho også leia. Ho var også aktiv i Foreningen til Dyrenes Beskyttelse.

Bakgrunn

Løchen vaks opp på Sundnes bruk i Inderøy, og gifta seg i 1874 med syskenbarnet sitt Olaf Løchen. Antonie og Olaf Løchen fekk to barn. Dottera Margit blei gift med arkitekten og målaren Gabriel Kielland; dei fekk sonen Olav. Sonen Finn blei disponent i eit trelastfirma i Oslo.

Barneboka Smaahistorier om dyr inneheld dels forteljingar frå barndommen til Løchen i Inderøy og Mosvik, dels forteljingar motivert av engasjementet hennar for dyrevern. Boka blei gjeven ut att i 2016 av Mosvik historielag. ISBN 978-82-91273-32-7 Smaahistorier om dyr; Mosvik museum og historielags hjemmeside Nokre av tekstene derfrå blei gjenbrukt i Lesebok for folkeskolen av Christian Killengreen frå 1926. Ho var ven av og brevveksla med eventyrsamlaren Peter Christen Asbjørnsen, og har også skrive «Ungdomsminde om P. Chr. Asbjørnsen».Nordmandsforbundets julenummer 1926

I Trondheim budde dei i Munkegata 30, vis-à-vis Stiftsgården. Olaf Løchen hadde sakførarkontor i tilknyting til leilegheita.Folketelling 1885 for 1601 Trondheim kjøpstad; DigitalarkivetSigrid Haavik. «Antonie Løchen – 'troende til alt mulig'». I Eynni Idri, årbok for Inderøy museums- og historielag 2008

Politikk Løchen var ei av dei fyrste kvinnene som blei vald inn i kommunestyret i Trondheim. I 1901 blei ho Venstre-representant saman med Thora Storm.

Antonie Løchen er rekna som stiftaren av Trondhjems Kvindesagsforening i januar 1885;Trondhjems kvinnesaksforenings arkiv 1885-1995 finnes på NTNU Universitetsbiblioteket, Gunnerusbiblioteket stiftingsmøtet fann stad heime hos henne. Kronikk: Pionerer i stemmerettskampen; Adresseavisen, 23.2.2013 Marthe Lund Jensen: «Trondhjems Kvinnesaksforening» (s. 45–62). I «Fra veldedighet til kvinnesak». NTNU, 2015Gudrun Bergslid: Trondhjems Kvinnesaksforening 1885–1967, Trondheim, 1967 Ho var formann i foreininga 1887–1888 og 1891–1892.

I 1887 heldt Løchen føredraget «Om kvindelighed» i Trondheim, der ho bl.a. fortel: «I mine forældres ungdom, altsaa for snart 50 aar siden, var det aldrig tale om, at kvinder skulde lære at svømme, saa der var ingen anledning til debat om svømmings tilladelighed ligeoverfor kvindeligheden. Bade sig gjorde de dog, men – i yderste hemmelighed ! Kvinder maatte aldrig tale om at de badede sig, – fy, det vilde være frygtelig upassende ! Nei, man listede sig ned til søen eller badeanstalten, for at mændene ikke skulle se det, og mødte man saa en af dem, og man troede at han forstod, i hvilken uanstendig hensigt man var gaaet ud, da var man nær ved at synke i jorden af undseelse». Føredraget blei trykt i tidsskriftet Nylænde same år. Føredraget «Sundheden og kvindesagen» frå 1885 blei utgjeve som pamflett.

Ekteparet Løchen tilhøyrde Venstremiljøet i Trondheim i 1880-åra, eit miljø der lagmann Jacob Lindboe var ein nykelperson. Ho skreiv om dette i ein serie avisartiklar, «Minner fra lørdagskveldene i lagmann Lindboes hjem».Nidaros 25., 27. og 30. mai 1922; jfr

Løchen var også engasjert i Foreningen til Dyrenes Beskyttelse.Sverresborg Trøndelag Folkemuseum har i sine samlinger et diplom fra Foreningen til dyrenes beskyttelse i Trondhjem og omegn som er signert av blant andre Antonie Løchen. Ho blei tildelt Foreningen til Dyrenes Beskyttelses sølvmedalje då foreininga hadde 60-årsjubileum i 1919.

Antonie Løchens veg på Byåsen i Trondheim blei kalla opp etter ho i 1965. Gatenavn: Stiftet Trondhjems Kvinnesaksforening9 ; Adresseavisen, 17.10.2006

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Antonie Løchen» frå , den 21. mars 2023.

Bakgrunnsstoff Politiske talar av Antonie Løchen, virksommeord.uib.no

Kategori:Norske politikarar Kategori:Venstrepolitikarar Kategori:Lokalpolitikarar i Trondheim Kategori:Norske kvinnesaksfolk Kategori:Medlemmar av Norsk Kvinnesaksforening Kategori:Folk frå Inderøy