mini|Mariner 10 Mariner 10 var den siste romsonden i det amerikanske Mariner-programmet. Han vart skoten opp 3. november 1973 og flaug forbi både planeten Merkur og planeten Venus. Mariner 10 var den første romsonden som brukte ein planet sitt gravitasjonsfelt for å endre fart og lengderetning.
Målsetjingar
Måla med romsonden var å undersøke atmosfæren og overflata til Merkur og Venus. Sekundære mål var å få erfaring med ei dobbel gravitasjonsslyngje, der sonden skulle nytte tyngdekrafta frå dei to planetane til å endre fart og retning. Mariner 10 vart den første romsonden til å nytte denne metoden som seinare vart nytta av Voyager 1, Cassini-Huygens og av romsonden Ulysses.
Romferda mini|Venus i vanlege fargar, prosessert frå Mariner 10-bilete tekne med klare og blå filter mini|Mariner-fotografi av Venus tekne i ultrafiolett lys Mariner 10 vart skoten opp 3. november 1973, omtrent to år etter Mariner 9. Ved dei første vekene etter oppskytinga vart kameraet i romsonden testa ved å returnere fem mosaikkbilete av jorda, og seks av månen. Månen sin nordpol vart òg ytterlegare fotografert der tidlegare biletdekking var dårleg.
Mariner 10 passerte planeten Venus den 5. februar 1974 og var 5 768 kilometer ifrå på det næraste. Med ultrafiolette kamerae var det mogleg å sjå skylag som knapt var synleg i vanleg lys. Ein har tidlegare kunna sjå desse skylaga frå jorda med ultrafiolette kamera, men detaljane sett frå Mariner 10 overraska mange.
mini|Mosaikkbilete av planeten Merkur
Etterpå gjorde Mariner 10 tre forbiflygingar av planeten Merkur. Den første forbiflyginga hende den 29. mars 1974, den andre forbiflyginga 21. september same året, og den tredje og siste forbiflyginga gjekk føre seg den 16. mars 1975. Romsonden Mariner 10 kartla 40 % av overflata til Merkur og oppdaga ein tynn atmosfære og eit magnetfelt.
Undersøkinga vart avslutta den 24. mars 1975, då romsonden gjekk tom for drivstoff. Romsonden går no i bane rundt sola, men elektronikken om bord er nok mest truleg skada av stråling frå sola.
Bakgrunnsstoff The Voyage of Mariner 10: Mission to Venus and Mercury (NASA SP-424) 1978 (PDF-utgåve) 'Mariner 10', NASA's 1973-75 Venus/Mercury Mission Mariner 10 image archive
Kategori:Mariner-programmet Kategori:Merkursondar Kategori:Merkur Kategori:Venus