mini|Etiketten til «Nansen Brand» av Chr. Bjelland & Co sin sardinhermetikk frå 1896 med ein teikning av Fridtjof Nansen. Gamle etikettar frå norske hermetikkboksar, vert ofte kalla iddisar, og er samleobjekt.

Ein etikett, tagg eller merkelapp er eit papir- eller ein pergamentslapp festa til ei vare eller innpakninga hennar, med opplysningar om namnet og innhaldet i vara. Dei engelske orda label, tag og sticker svarar til dette omgrepet.

Etikett Ein etikett inneheld opplysningar til kunden om mellom anna varetype, innhald, mengde, kvalitet, haldbarheit, produsent (fabrikat) og pris. Etikettar kan vera enkle, handskrivne lappar, men kan også vera små, kunstferdig utførte reklameplakatar trykte på eigne etikett-trykkjeri til bruk på flasker, esker og hermetikk.

Iddis Iddis er eit dialektord for etikett, opphavleg frå Stavanger då hermetikkindustrien hadde høgkonjunkturen sin der, frå 1860 til 1960. Etikett vart uttala iddikett, og vart så forenkla til iddis, som moglegvis har samanheng med ordet siddis.

Døme Norske øletikettar

Sjå òg Label Klistremerke Strekkode Vaskelapp Emballasje

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Etikett» frå , den 19. mars 2023.

Bakgrunnsstoff

«IDDIS» – Norsk grafisk museum og Norsk hermetikkmuseum i Museum Stavanger.

Kategori:Reklame Kategori:Grafisk design Kategori:Visuell kommunikasjon