Ingunn Lunde () er ein norsk lingvist som er professor i russisk ved Universitetet i Bergen (2002–) og tidlegare professor II ved Universitetet i Tromsø (2012–2019). I 2014–2015 var ho fellow ved Wissenschaftskolleg zu Berlin. Lunde har tidlegare vore formann i Nordisk slavistforbund (2010-2013).

Liv og virke Lunde har utdanninga si frå Bergen (UiB), Moskva og Bonn med hovudfag i russisk og gresk og latin som lågaregradsfag frå 1994. Ho forsvarte dr.art.-graden i russisk i 1999 med avhandlinga Verbal Celebrations: Kirill of Turov's Homiletic Rhetoric and its Byzantine Sources.http://www.harrassowitz-verlag.de/title_1586.ahtml Verbal Celebrations: Kirill of Turov's Homiletic Rhetoric and its Byzantine Sources Ho leia dei internasjonale forskingsprosjekta Landslide of the Norm (2005–2008)hf.uib.no Landslide of the Norm og Future of Russian (2008–2012).uib.no The Future of Russian Forskingsinteressene hennar omfattar mellomalderslavisk litteratur og kultur, russisk 1800- og 1900-talslitteratur, og russisk språk og litteratur etter perestrojka.

Lunde er grunnleggjar og hovudredaktør av bokserien Slavica Bergensiahttps://boap.uib.no/books/sb/catalog og medredaktør av tidsskriftet Poljarnyj VestnikПолярный Вестник (Poljarnyj Vestnik) og Scando-Slavica.

Bibliografi 2018: Language on Display: Writers, Fiction and Linguistic Culture in Post-Soviet Russia (Edinburgh University Press 2018) 2019: Fragmenter av fortid: Historiens rolle i russisk samtidslitteratur (Dreyers forlag 2019).

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ingunn Lunde» frå , den 18. mars 2023.

Bakgrunnsstoff Ingunn Lunde hos Universitetet i Bergen Publikasjonar av Ingunn Lunde i forskingsdokumentasjonssystemet CRIStin Publikasjonar av Ingunn Lunde i BIBSYS

Kategori:Norske slavistar Kategori:Norske litteraturprofessorar Kategori:Professorar ved Universitetet i Bergen Kategori:Professorar ved UiT Noregs arktiske universitet