Henny Elisabeth Moan () var ein norsk skodespelar. Frå 1950-åra var ho ein av dei fremste kvinnelege skodespelarane i norsk film og teater, og hadde sentrale kvinneroller på Nationaltheatret, Fjernsynsteatret og Oslo Nye Teater. Ho er særleg kjend for dei mange tolkingane sine av kvinneroller av Henrik Ibsen for Fjernsynsteatret i 1960- og 1970-åra.

Moan var gift med André Bjerke frå 1959 til 1972 og var deretter sambuar med Ole Paus i 1970-åra. Ho er mor til Vilde Bjerke og Sole Paus.

Biografi Moan vaks opp i Narvik og Gratangen. Som 17-åring vart ho teken opp i det første kullet ved Statens Teaterskole i 1953. Ho debuterte i Federico García Lorca sitt Yerma frå 1934 ved Det Norske Teatret i 1955. Same året medverka ho i Arne Skouen sin Barn av solen som var hennar debutfilm. Samarbeidet med Skouen fortsatte med filmen Ni liv, ein film som vart Oscar-nominert i klassen for beste utanlandske film.85 års omtale i Aftenposten 22. februar 2021 Deretter følgde ein av klassikarane innnan norsk film, De dødes tjern.

Moan har vore tilsett ved Det Nye Teater, Fjernsynsteatret, Nationaltheatret, Oslo Nye Teater og Det Norske Teatret sidan 1978. Ho tolka fleire store kvinneroller som Jeanne d’Arc, Kameliadamen, Frøken Julie og dei fleste av dei store kvinnerollene til Ibsen. Den siste rolla hennar var i Ad Astra i januar 2007–mai 2008. I 1988 var ho medgrunnleggjar av Hamsun-Selskapet.

Ved De dødes tjern traff ho diktaren André Bjerke, som ho var gift med 1959–1972 og fekk dottera Vilde Bjerke med.«Henny Moan tilbake ved "De dødes tjern"» i Aftenposten (13. oktober 2007) Ho var sambuar med Ole Paus frå 1973 til 1976. Dei har sonen Sole Christian Paus. Ole Paus har sagt:

Fetteren til André Bjerke, Jens Bjørneboe, budde i periodar heime hos Moan og Paus i Bjerkelundsveien i Bærum. Den andre kona til Bjørneboe, Tone Bjørneboe, hadde dessutan tidlegare vore kjærast med den fyrste ektemannen til Moan, André Bjerke.

Moan representerte Arbeidarpartiet i Bærum kommunestyre 1972–1975.

I 2020 vart Moan utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden «for sin fremragende innsats for norsk kunst- og kulturliv».

Prisar og utmerkingar Statens kunstnerstipend Oslo bys kulturstipend Æresmedlem i Norsk Skuespillerforbund. Aase Byes ærespris 2006 Nordprofilprisen 2007 Amandakomiteens ærespris 2010 Kommandør av St. Olavs orden 2020

Filmografi

1955: Barn av solen – Kari 1956: Litet bo – Li 1956: På solsiden – Wenche, søstera til Hartvig 1956: Sju vackra flickor – Sonja Lund 1957: Ni liv – Agnes 1958: De dødes tjern – Liljan Werner 1958: Pastor Jarman kommer hjem – Lilly 1958: Ut av mørket 1959: Herren og hans tjenere – Forsamlingssyster 1960: Omringet – Kjærasten til Frimann 1962: Gengangere – Regine Engstrand 1962: Kalde spor – Ragnhild 1962: Velkomstmiddag – Cecilia 1964: Klokker i måneskinn – Skodespelarinna 1966: Falne engler – Jane Banbury

1966: Leke med ilden – Kona til sonen 1966: Rosmersholm – Rebecca West 1967: Musikanter – Tora, tannlækjarfrue 1969: Taxi – Eva Donizetti (TV-serie, episoden «Det lukkede rom») 1973: Benoni og Rosa – Edvarda (TV-serie) 1973: Når vi døde vågner – Irene von Satow 1975: Hedda Gabler – Fru Elvsted 1977: Øyeblikket – Stine 1978: Blindpassasjer – Leda (TV-serie) 1978: Gengangere – Fru Helene Alving 1979: Rallarblod – Skinnfellmarja 1979: Tante Ulrikke – Tante Ulrikke 1985: Papirfuglen – Arkadina

1993: Sigrid Undset - et kvinneliv 1995: Kristin Lavransdatter – Ragnfrid 1995: Amalies jul – Frøken Gran (TV-serie) 1996: Spor – Dame (Kortfilm) 1997: Barbara – Magdalene 1997: Livets dans (Stemme) 1998: Thranes metode – Mora til Thrane 2005: En stein i veien (Kortfilm) 2003: Tur & retur – Bestemor 2004: Siste stopp – Rakel (Kortfilm) 2007: O' Horten – Svea 2010: Orkestergraven – Johanne (TV-serie) 2010: Kommandør Treholt & Ninjatroppen – Forteljarstemme 2017: Vincent – Signe (Kortfilm)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Henny Moan» frå , den 9. mars 2023.

Bakgrunnsstoff Henny Moan hos Internet Movie Database Henny Moan hos Nationaltheatret Henny Moan hos Sceneweb Henny Moan hos Svensk Filmdatabas

Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Lokalpolitikarar i Bærum Kategori:Ap-politikarar i Akershus Kategori:Vinnarar av Amandaprisen Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Folk frå Alta