Edelnarsiss (Narcissus ×incomparabilis) er ei plante i påskeliljeslekta i påskeliljefamilien. Arten er ein hagehybrid med påskelilje og pinselilje som foreldreartar (N. poëticus × N. pseudonarcissus).
I Noreg er arten ein framandart som er innført som prydplante. Arten vart funnen forvilla i 1899, og veks spreidd i kyststrøk frå Oslo til Sør-Trøndelag. Han er truleg mykje forveksla med påskelilje. I Framandartslista 2023 er arten registrert med potensielt høg risiko (PH), oppgradert frå låg risiko (LO) i 2018.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Påskeliljeslekta