Kirgislauk (Allium hollandicum, tidlegare òg A. ×hollandicum) er ei plante i laukslekta i påskeliljefamilien, heimehøyrande i Kirgisistan og Iran.

I Noreg er kirgislauk ein framandart som er innført som prydplante. Han er funnen forvilla spreidde stader, særleg på Austlandet, og er i noko auke. Arten er vurdert til låg risiko (LO) i Framandartslista 2023.

Taksonomi Kirgislauk har tidlegare vanlegvis vore rekna til A. aflatunense, men det syner seg at dei forvilla forekomstane i Noreg må reknast til A. hollandicum.

Kjelder

Kategori:Laukslekta