Ellen Inga Brita Olavsdatter Hætta (1953–2023) var ein norsk samisk rektor, reindriftssjef og Høgre-politikar frå Kautokeino.
Liv og virke Hætta var utdanna ålmennlærar og arbeidde mange år i skuleverket i Kautokeino. Ho var ordførar i Kautokeino frå 1988 til 1991 og sat fleire periodar i kommunestyret, som representant for Høgre.
Hætta var direktør i Samisk utdanningsråd frå 1994 til 1999, avdelingsdirektør i Sametingets administrasjon frå 1999 til 2001, sjef for Statens reindriftsforvaltning frå 2001 til 2010 og rektor ved Samisk vidaregåande skule og reindriftsskule i Kautokeino frå 2011.
Hætta var statssekretær i Kommunal- og regionaldepartementet med ansvar for samiske spørsmål frå 2004 til 2005, då Erna Solberg var kommunalminister i Bondevik-regjeringa.
I 2014 oppnemnde kulturminister Thorhild Widvey Hætta som medlem av styret i NRK. Ho var den første samiske personen i dette styret.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ellen Inga O. Hætta» frå , den 1. mars 2023.
Kategori:Ordførarar i Kautokeino Kategori:Høgreordførarar i Finnmark Kategori:Statssekretærar frå Høgre Kategori:Samiske politikarar Kategori:Norske lærarar Kategori:Norske rektorar Kategori:Folk frå Kautokeino