mini|Tretten dessertar i Provence mini|Dekt bord med tretten dessertar i rådhuset i Avignon. mini|Tretten dessertar i Caderousse. mini|Dei tretten dessertane frå juletradisjonen i Provence. Tretten dessertar (oksitansk lei tretze dessèrts) er tradisjonelle dessertar knytte til julefeiring i den franske regionen Provence. Den «store middagen» (le gros souper) endar med dei rituelle 13 dessertane, som representerer Jesus og dei 12 læresveinane hans. Tradisjonelt set ein ut maten på julaftan, og han blir ståande på bordet i tre dagar, til 27. desember.

Talet på dessertar er alltid tretten, men kva matslag ein har kan variera etter stad eller familietradisjon. Det er dokumentert over femtifem ulike mattypar som del av dei tretten rettane.

Tørka frukt og nøtter Dei fyrste fire av desse blir kalla «dei fire tiggarane» (les quatre mendiants) og representerer dei fire tiggarmunkordenane: Dominikanarane, fransiskanarane, augustinarane og karmelittane.

Rosinar (dominikanarane) Valnøtt eller hasselnøtt (augustinarane) Tørka fiken (fransiskanarane) Mandlar (karmelittane) Dadlar, står for mat frå regionen Kristus levde og døydde i. Svisker frå Brignoles

Frisk frukt

Eple Pære Appelsin Vintermelon Drue Tangerin

Søtmat

Biscotins (kjeksar) frå Aix Calissons d'Aix, marsipan-aktig søtsak laga av mandelmasse og kandisert melon. Kandisert sukatsitron Casse-dents d'Allauch (kjeks) Spisskum- og fennikelfrø-kjeks Bugnes (tynne, frityrsteikte småkaker) Frukt-tourtes Oreillettes, tynne vaflar Pain d'epices Pompes à l'huile eller fougasse à l'huile d'olive, ei søt kake eller brioche laga med appelsinblomevatn og olivenolje Kvede-postei (Pâte de coing) Julekubbe To typar nougat som står for godt og vondt Svart nougat med honning (Nougat noir au miel), ein hard nougat laga av honning og mandlar Kvit nougat (Nougat blanc), ein mjuk nougat laga av sukker, egg, pistasj, honning og mandlar.

Sjå òg Sju slag kaker Feast of the Seven Fishes

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Thirteen desserts» frå , den 17. februar 2023.

Kategori:Julemat Kategori:Talet 13 Kategori:Fransk mat Kategori:Kultur i Provence