Llanquihue-provinsen (spansk: Provincia de Llanquihue) er ein av fire provinsar i den chilenske regionen Los Lagos. Hovudstaden er Puerto Montt. Den nest største innsjøen i landet, Llanquihuesjøen, ligg i provinsen. Her er dessutan fire vulkanar: Osorno, Calbuco, Puntiagudo og Cerro Tronador.

Europeisk busetjing av Llanquihue byrja i 1852 då tyskarar vart oppmoda til å immigrere til det sørlege Chile. Regionen er kjend for naturopplevingar og dessutan for sjømaten frå hamnene Puerto Montt og Calbuco.

I 2017 var folkesetnaden 408 052 i provinsen, av dei hadde ca. 75 % adresse i kommunen Puerto Montt. Dei øvrige kommunane i provinsen er Calbuco, Cochamó, Fresia, Frutillar, Llanquihue, Los Muermos, Maullín, og Puerto Varas.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Llanquihue Province» frå , den 6. februar 2023.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Los Lagos-regionen