Anina er ein by i den historiske regionen Banat i Romania, i Caraș-Severin fylke. Byen administrerer ein landsby, Steierdorf (tysk Steierdorf, ungarsk Stájerlak). Byen har 7 485 innbyggjarar (2011).
Fortidsfunn I 2002 blei det funne nokre av dei eldste delane av menneske i Europa i grottane Peștera cu Oase nær Anina. Restane av ein underkjeve som fekk tilnamnet Ion din Anina (Johannes av Anina) er kring 40 000 år gamle.
Anina er ein av dei viktigaste funnstadane for fossil frå juratida i Dei sørlege Karpatane, både av plantar og dyr, og den geologiske arven her er særleg mangfaldig og velbevart.Fu Q. et al., "An early modern human from Romania with a recent Neanderthal ancestor", Nature 524, 216–219 (13 August 2015), doi:10.1038/nature14558. Den paleontologiske arva blei mellom anna avdekka ved at det er eit gruveområde, med både underjordiske og opne gruver, slik at ein har kunna utføra tredimensjonale undersøkingar av kontinentale avleiringar. Dette var eit eineståande høve i Europa og i verda, fram til den siste store gruva blei stengd i 2006.
Geografi Den industrielle arven frå kolgruvedrifta er òg viktig i samband med austerriksk industriarkitektur og gruver som er bevarte, t.d. den nordlege gruva (Anina Pit I), Pit II, Pit IV (ved sida av Terezia-dalen). Kolgruvedrifta byrja i 1792, etter at Matthew Hammer oppdaga dei fyrste kollaga. venstre|mini|225x225pk|Utsikt frå Oravița-Anina-fjellbanen i 2010 Anina-Oravița-jernbanen, som blei bygd i 1863, er i bruk i dag til turistformål. Han er rekna som ein av dei venaste jernbanane i Europa på grunn av det måleriske landskapet, viaduktar og lange tunnellar. Jernbanen har bevart mange aspekt av den opphavlege designen. Han oppfyller ikkje mange UIC-standarder, og treng særskilde, kraftigare lokomotiv og kortare togvogner for å kunne køyra.
Anina ligg mellom nasjonalparkane Cheile Nerei-Beușnița og Semenic-Caraș.
Busetnader mini|Kommunen Anina innanfor Caraș-Severin fylke Anina er ein oraș (mindre bykommune) med desse busetnadane:
Folketal 2011 Folketal 2021 Anina 5 744 4 383 1 741 1 138
Merknader
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Anina» frå , den 1. februar 2023.
Bakgrunnsstoff
Anina