Laupekuler (Elaphomyces) er ei slekt med sopp som har underjordiske fruktlekamar. Dei minner om trøflar, men det er ikkje nokon nær slektskap. Laupekuler finst i skog der dei dannar mykorrhiza med ulike tre.

«Laupekule» og «buflog» er vanlege folkelege namn på desse soppane i Noreg. Eit tredje namn, «hjortetrøffel», er meir bokleg og laga etter det tyske ordet Hirschbrunst. Dei mange dialektnamna viser at desse soppane var velkjende, noko som skuldast at dei tradisjonelt vart brukte som eit afrodisiakum for både husdyr og menneske. Bruken skuldast truleg at fruktlekamane minner om testiklar, og at ein derfor meinte at dei hadde verknad i samsvar med signaturlæra.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Løpekuler» frå , den 29. januar 2023

Bakgrunnsstoff

Kategori:Sekksporesoppar