Maule-regionen (spansk Región del Maule) er ein av dei seksten regionane i den administrative inndelinga av Chile, og omfattar dei fire provinsane Curicó, Talca, Linares og Cauquenes. Han grensar til O'Higgins-regionen i nord, til Ñuble-regionen i sør og til Argentina i aust. Talca er hovudstad og største byen i regionen.
Regionen hentar namnet sitt frå elva Maule som renn vestover frå Andesfjella, og deler regionen i to og spenner over eit nedslagsfelt på omtrent 20 600 km2. Maule-elva er av historisk interesse fordi ho mellom anna markerte den sørlege grensa for inkariket.
Kjelder
Denne artikkelen inneheld omsett tekst frå «Maule Region» frå , den 4. januar 2023.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Regionar i Chile