Kimberly Lynn Zmeskal () er ein USA-amerikansk tidlegare turnar frå Houston i Texas. Ho vart verdsmeister 1991 i mangekamp og 1992 på bom og i frittståande.

Zmeskal gjekk heilt til topps i mangekampen under verdsmeisterskapen 1991 i Indianapolis. I den same meisterskapen fekk ho sølv i lagtevlinga med USA sitt mannskap, og ho tok bronsemedaljen i frittståande. Året etter sigra ho både i bom-øvinga og i frittståande ved Turn-VM 1992 i Paris. Nokre månader seinare kom ho og USA sitt lag på bronseplassen i lagtevlinga i Sommar-OL i Barcelona, individuelt enda ho på sjetteplass i frittståande.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kim Zmeskal» frå , den 23. desember 2022.

Kategori:USA-amerikanske turnarar Kategori:Verdsmeistrar i turn Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for USA Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1992 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Gymnastar under sommar-OL 1992