mini|Songen «Good King Wenceslas» i Christmas Carols, New and Old «Good King Wenceslas» er ein engelsk julesong. Han handlar om den heilage kongen Venceslas av Böhmen (ca. 903/907–929/935) og medynken hans med ein fattig bonde som samla ved for å kunna varma seg på minnedagen for den heilage Stefan. Stefanusdagen er 26. desember, det vil seia på andre juledag, og Stefan er minna som den fyrste kristne martyren.

Den engelske teksten blei skriven av John Mason Neale i 1853.Margaret Vainio: Good King Wenceslas - an “English” Carol. 1999 (pdf 6,8 mb); studentoppgave fra universitetet i Jyväskylä Han fann melodien i samlinga Piæ cantiones frå 1582, der han ikkje var knytt til juletida, men var brukt til vårsalmen Tempus Adest Floridum. Neale og musikksamarbeidaren hans Thomas Helmore gav ut songen i Carols for Christmas-Tide på Novello & Co same året han blei skriven.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Good King Wenceslas» frå , den 20. desember 2022.

Kategori:Engelske julesongar Kategori:Songar frå 1850-åra