Joachim Gotsche Giæver () var ein norsk-amerikansk bygningsingeniør, som er kjend for å ha bygd fleire skyskraparar og bruer i Dei amerikanske sambandsstatane.O.K. Årdal, «Noregs ukjente skyskraparkonge», nrk.no, 18. desember 2022. Han var mellom anna ansvarleg for å reisa den berande konstruksjonen til Fridomsgudinna i New York. Han vart fødd i bygda Jøvik i Troms, og studerte i Trondheim.
Virke Giæver utvandre til USA i 1882, der han blei teknisk teiknar () ved jernbaneselskapet Northern Pacific i St. Paul i Minnesota. Eit år seinare flytta han til Pittsburgh i Pennsylvania, der han blei tilsett ved Schiffer Bridge Company. I 1884 blei han overingeniør () ved føretaket.
I 1891 var Giæver teknisk nestleiar ved World's Columbian Exposition i Chicago. Han stod mellom anna bak hovudbygningen ved utstillinga, The Manufactures and Liberal Arts Building. Han var med på å utvikla H-bjelken, ein viktig del av moderne konstruksjon.
Frå 1898 til 1915 var han sjefsingeniør for D. H. Burnham & Company i Chicago.Meyer, Michael Holmboe : «Norwegian-American Engineer saved Statue of Liberty», The International Forum for Culture and Literature for Peace Berglund, Nina (28. november 2011): «Norway’s own link to Lady Liberty», Newsinenglish.no I 1916 gjekk han saman med Frederick P. Dinkelberg i firmaet Giaver and Dinkelberg, som mellom anna teikna bygningen 35 East Wacker Drive, «Jewelers building», den største bygningen i Amerika som ikkje sto i New York.35 East Wacker Drive (Chicago Architecture Info)
Giæver konstruerte også kuppelen til Hooker-teleskopet i California, det største teleskopet i verda til då.
I 1922 blei han gjeven St. Olavs Orden av kong Haakon.
Byggverk knytte til Giæver
Kjelder Referansar
Delar av denne artikkelen bygger på «Joachim Gotsche Giæver» frå , den 20. desember 2022.
Kategori:Norske ingeniørar Kategori:USA-amerikanske ingeniørar Kategori:Norsk-amerikanarar