«Lock Me In» (norsk 'sperr meg inne') er ein song frå 2022 som vart framført av det georgiske progressiv rock-bandet Circus Mircus. Songen vart gjeven ut 9. mars 2022 på YouTube-kanalen til bandet. Songen var det georgiske bidraget i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.
Om songen «Lock Me In» er skriven av bandet sjølv, ei løyndomsfull gruppe med musikarar som møtte kvarandre på ein sirkusskule i Tbilisi. Gruppa vart vald av den georgiske rikskringkastinga til å representere landet i Eurovision Song Contest 2022, og nyheita vart kunngjord i november 2021.
Fyrst i mars 2022 vart songtittelen kunngjord. Songen og musikkvideoen skulle eigentleg hatt premiere 10. mars, men planen vart endra på grunn av den russiske invasjonen av Ukraina. I staden slapp gruppa lydsporet til songen, med ein svart bakgrunn i staden for videoen. Videoen vart sloppen seinare i mars 2022.
Eurovision Song Contest «Lock Me In» var det georgiske bidraget i Eurovision Song Contest 2022 i Torino. Han deltok i den andre semifinalen torsdag 12. mai, der han enda på 18. og siste plass. Sidan songen ikkje var blant dei ti beste i semifinalen, kvalifiserte han seg ikkje til finalen laurdag 14. mai. Dette var tredje gang Georgia endte sist i en semifinale.
Sceneshowet vart regissert av den svenske koreografen Emilia Sandquist.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Lock Me In» frå , den 17. desember 2022.
Kategori:Georgiske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2022-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar