Lilla Cabot Perry () var ein amerikansk kunstnar som høyrde til den amerikanske impresjonismen. Ho måla portrett og landskap i den frie stilen til læremeisteren sin, Claude Monet. Perry var ein tidleg støttespelar for fransk impresjonisme, og bidrog til at stilen blei teken imot i USA. Dei tidlege verka til Perry var påverka av kontakten hennar med Boston-skulen i måling og reisene hennar i Europa og Japan. Ho var også sterkt påverka av filosofien til Ralph Waldo Emerson og vennskapen sin med Camille Pissarro. Sjølv om Perry fyrst fekk formell opplæring då ho var trettiseks, hadde arbeidet hennar med kunstnarar frå impresjonismen, realismen, symbolismen og den tyske sosialrealismen stor innverknad på stilen hennar.
Tidleg liv Lydia (Lilla) Cabot blei fødd i 1848 i Boston i Massachusetts. Far hennar var dr. Samuel Cabot III, ein framståande kirurg. Mor hennar var Hannah Lowell Jackson Cabot. Lilla var den eldste av åtte barn. Tre av dei andre var Samuel Cabot IV (f. 1850), som skipa Valspar's Cabot Stains, dr. Arthur Tracy Cabot (f. 1852), ein progressiv kirurg og Godfrey Lowell Cabot (f. 1861), som grunnla Cabot Corporation. Familien hennar hadde ei framståande stilling i Boston, og vennar av familien var mellom anna Louisa May Alcott, Ralph Waldo Emerson og James Russell Lowell. Lowell var syskenbarn av mor til Lilla, og dottera hans, Mabel, var ein nær venn av henne. Lilla Perry hadde tilgang til å låna bøker ved Boston Athenæum, eit av dei eldste biblioteka i USA, både gjennom faren og gjennom familien til mora.
Perry studerte språk, litteratur, poesi, musikk og hadde uformelle skissesamkome med vennene sine. Som barn likte ho også å lesa og driva med utandørsleiker. Perry var tretten år gammal då den amerikanske borgarkrigen braut ut. Foreldra hennar var overtydde abolisjonistar, og hadde ei aktiv rolle i samband med krigen ved å gje hjelp til såra soldatar og rømte slavar. Borgarkrigen enda då Perry var sytten, og ho flytta med familien til eit gardsbruk i Canton i Massachusetts. Her utvikla ho mykje av interessa si for landskap og natur. I 1867 reiste ho saman med foreldra sine til Europa, der ho studerte måleri.
Ekteskap mini|Thomas Sergeant Perry, 1889 9. april 1874 gifta Lilla seg med Thomas Sergeant Perry, ein Harvard-utdanna lærd og lingvist. Grandonkelen hans var Matthew C. Perry, som var commodore i den amerikanske marinen. Paret fekk tre døtrer: Margaret (1876), Edith (1880) og Alice (1884).
Utdanning og tidleg karriere mini|Child at the Window (Edith Perry) Ho fullførte det som er rekna som det eldste kjente måleriet sitt, Portrait of an Infant (Margaret Perry), frå 1877 til 1878. Verket er som mange andre ho skapte gjennom karrieren inspirert av barna hennar.
Boston I 1884 byrja Perry formell kunstnarutdanning hjå portrettmålaren Alfred Quinton Collins. Collins hadde studert ved Académie Julian i Paris under rettleiing frå Léon Bonnat. Perry sitt verk The Beginner, ca. 1885–86, er det fyrste verket ho fullførte under formell rettleiing.The Beginner reflekterer påverknad frå Collins med det alvorlege blikket til modellen, den mørke bakgrunnen og vektlegginga på dramatisk lyssetting.
I 1885 døydde far til Perry og etterlet henne ei arv som gjorde at ho kunne studera kunst meir seriøst. I januar 1886 byrja ho studiar hjå Robert Vonnoh, ein kunstnar som verka innan den impresjonistiske en plein air-stilen i Grez-Sur-Loing i Frankrike. Ho tok timar hjå Dennis Bunker ved Cowles Art School i Boston frå november 1886. Cowles lærte studentane sine «liberale teoriar» og realistisk kunst – teoriar som Perry gjerne tok til seg.
Paris Perry fekk i oppdrag frå Aaron Lufkin Dennison frå Waltham Watch Company å måla dei tre døtrene hans. Dette tente henne nok pengar til å dra på fyrsteklasse til Europa i juni 1887. Familien Perry flytta til Paris det året. Perry byrha ved Académie Colarossi, der ho arbeidde med Gustave Courtois og Joseph Blanc. Ho studerte med den tyske målaren Felix Borchardt. I tillegg til å få formell akademisk opplæring brukte Perry mykje tid på å studera gamle meistrar i museum med Bernard Berenson, ein kunstmeldar som var ven av ektemannen hennar. Ho drog også til Spania for å kopiera verk ved Museo del Prado. Perry sitt verk The Red Hat frå 1888 reflekterer sterkt den formelle opplæringa ho hadde fått og eksponeringa hennar for dei gamle meistrane, særleg verka til Sandro Botticelli.
I 1888 drog Perry til München der ho studerte med den tyske sosialrealisten Fritz von Uhde. Uhde si handtering av motiv og fargebruken hans hadde ein dynamisk effekt på arbeidet til Perry. Hausten 1888 hadde Perry vendt tilbake til Paris. Ho studerte ved Académie Julian hjå Tony Robert-Fleury.
Med oppmuntring frå Walter Gay sende Perry inn to måleri ho nyleg hadde fullført til Société des Artistes Indépendants. Portretta av ektefellen Thomas Sergeant Perry (1889) og av dottera Edith Perry (1889) blei aksepterte av Salongen, og med denne suksessen byrja karrieren hennar i Frankrike.
Perry sin suksess i 1889 gjorde det mogleg for henne å bli ein av dei få utvalde til å vera i Alfred Stevens sin klasse i Paris. Stevens var kjend for «elegante interiør med danna kvinner i djupe tankar.» Under tida si i Paris blei ho venner med Mary Cassatt, Camille Pissarro og Claude Monet.
Karriere
Giverny I 1889 såg Perry Claude Monet sine verk for fyrste gong i galleriet til Georges Petit. Ho blei inspirert, og familien Perry var den neste sommaren i Giverny, der Monet budde, for å gje Lilla breiare inntrykk av den impresjonistiske stilen hans. Mellom 1889 og 1909 var Perry ni somrar i Giverny. Det var her ho heilt fann si form som kunstnar. I løpet av tida i Giverny knytta ho ein nær vennskap med Claude Monet, som inspirerte verket hennar kraftig med den impreskonistiske behandlinga si av farge og lys. I tillegg arbeidde ho med ei gruppe amerikanske kunstnarar som var i Giverny, som Theodore Robinson, John Leslie Breck og Theodore Earl Butler. mini|La Petite Angèle, II, 1889 Ein kan sjå eit tydeleg skifte i verka til Perry etter at ho kom til Giverny. Hennar La Petite Angèle, II (1888) illustrerer den dramatiske utviklinga stilen hennar hadde i denne perioden. I motsetnad til dei tidlegare portretta hennar, som The Letter, som nytta meir tradisjonelle teknikkar for å gje att motivet nøye, er La Petite Angèle II tydeleg impresjonistisk i stilen med dei frie penselstrøka sine som fangar inntrykk av lys og fargar. I staden for å blanda saman kvart penselsstrøk, lét Perry komposisjonen vera «rå», og lét dermed lerretet bli gjennomsyra av ein livfullheit ein ikkje hadde sett i dei tidlegare verka hennar. Giverny, og meir spesifikt Claude Monet, inspirerte Perry til å jobba med former for friluftsmåleri, impresjonistiske penselstrøk, mjuke fargar og valmueraudfarge. I vindauget til La Petite Angèle, II ser ein byrjinga på det som skulle bli Perry sitt kjærleiksforhold med den impresjonistiske handteringa av landskap.
Hausten 1889 hadde Perry forlate Giverny for å reisa gjennom Belgia og Nederland. Ho vende tilbake til Boston med familien i 1891 med eit måleri av Monet og ein serie landskap av John Breck.
Tilbake i Boston mini|Lilla Cabot Perry in the Studio ca. 1890 Kunstnarkarrieren til Perry fekk ei ny retning etter at ho vende tilbake til Boston. Ho var ikkje nøgd med å berre måla i den nye stilen ho hadde utvikla i Europa. Ho var no inspirert til å skipa ei ny sanning i måleriet i kunstmiljøet i Boston, som ikkje var mottakeleg for dei nye impresjonistiske stilane. I 1890 hjelpte Perry til med å arrangera den fyrste offentlege utstillinga av John Breck sine landskapsmåleri ved St. Botolph Club.
Perry vann ein sølvmedalje ved utstillinga til Massachusetts Charitable Mechanic Association i 1892. I 1893 blei Perry vald ut til å representera Massachusetts ved World's Columbian Exposition i Chicago i Illinois. Perry stilte ut sju verk ved utstillinga, fire av dei måleri som var blitt laga som friluftsmåleri (Petite Angèle, I, An Open Air Concert, Reflections, Child in a Window) og tre som var meir formelle studioportrett (Portrait of a Child, Child with a Violoncello, Portrait Study of a Child).
I 1894 oppnådde Perry ein ny suksess då dei impresjonistiske måleria hennar blei stilte ut i Boston ved St. Botolph Club i lag med verka til andre kunstnarar, som Edmund C. Tarbell (1862–1938), Philip Leslie Hale (1865–1931), Theodore Wendel (1859–1932), Frederick Porter Vinton (1846–1911) og Dawson Dawson-Watson (1864–1939). Utstillinga viste ikkje berre at verka til Perry nok blei aksepterte i USA, ho viste også at impresjonismen endeleg hadde byrja å bli akseptert som ei kunstform utanfor Europa. Dette året heldt ho også ei utstilling av Monet sine verk ved Boston Art Students Association.
Mellom 1894 og 1897 fekk verka til Perry internasjonal omdøme. Ho stilte ikkje berre ut i Boston, men hadde også jamlege utstillingar ved Société Nationale des Beaux-Arts sin Salon de Champ de Mars på denne tida. I 1897 hadde ho ei ny utstilling ved St. Botolph Club, og Boston Evening Transcript skreiv om verka hennar: «Slike måleri må ein ta på alvor.» Til skilnad frå dei tidlegare utstillingane hennar her hadde Perry no ei soloutstilling. Utstillinga viste breidda av Perry si artistiske utvikling til då, og omfatta impresjonistiske portrett og landskap.
Japan lenkje=//upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/55/Lilla_Cabot_Perry%2C_In_a_Japanese_Garden%2C_1898-1901.jpg/220px-Lilla_Cabot_Perry%2C_In_a_Japanese_Garden%2C_1898-1901.jpg|mini|Lilla Cabot Perry, In a Japanese Garden, 1898-1901 I 1897 fekk ho ein heilt ny inspirasjon då ektemannen hennar blei tilsett som professor i engelsk ved Keio Gijuku-universitet i Japan. Lilla Perry møtte Okakura Kakuzō, ein av grunnleggjarane av den keisarlege kunstskulen i Japan. Perry budde i Japan i tre år, og nytta fullt ut det unike kunstnarsamfunnet der. I oktober 1898 stilte Perry ut verk i Tokyo, med hjelp frå Kakuzo, og blei æresmedlem av Nippon Bijutsu-In kunstforeining. Perry sitt møte med den asiatiske kunstfverda hadde stor innverknad på verket hennar, og gjorde det mogleg for henne å utvikla ein unik stil som sameinte vestlege og austlege estetiske tradisjonar. Hennar Meditation, Child in a Kimono og Young Girl with an Orange illustrerer tydeleg dei distinkte endringae som fann stad i verka til Perry under tida hennar i Japan. Til skilnad frå tidlegare verk nytta begge desse komposisjonane tydeleg austlege motiv og viste ein sterk påverknad frå dei klare linjene i japanske tresnitt. Resultatet av denne blandinga av aust og vest er slåande, med impresjonistiske portrett som går saumlaust i eitt med velorganiserte, balanserte komposisjonar som den austlege kunstverda var kjend for på denne tida. Perry måla Fuji-fjellet i 35 eller fleire måleri. Totalt laga ho meir enn 80 måleri medan ho var i Japan.
Boston og Paris I 1901 hadde Perry vendt tilbake til Boston til familieheimen i Marlborough Street. To år seinare kjøpte dei eit gardshus i Hancock i New Hampshire til å ha som sommarhus. Det var medan ho var i Hancock at Perry fekk ideen til Boy Fishing (1929), som avbilda ein lokal gardsgut (identifisert som Robert Eaton Richardson, Sr.), og som no er eit måleri i White House Art Collection. I 1904 vann måleriet hennar Portrait of Mrs. Joseph Clark Grew [Alice Perry] ein bronsemedalje ved den prestisjetunge utstillinga International Louisiana Purchase Exhibition i St. Louis. Dei neste åra blei derimot vanskelege for Perry personleg. I 1905 vendte ho tilbake til Frankrike, og vinteren det året hadde helsa hennar brote saman. Stadige flyttingar, tap gjennom investeringar som ikkje løna seg og enden på det meste av arven frå faren gjorde at Perry stadig måtte måla portrett for å støtta familien, noko som også sleit på helsa hennar.