Lilija Oleksandrivna Podkopajeva () er ein ukrainsk tidlegare turnar frå Donetsk som sigra i mangekampen under Turn-VM 1995, Turn-EM 1996 og Sommar-OL 1996. Ho vart halden for å vere ein «komplett turnar», sterk både teknisk og artistisk, like flink i alle fire øvingane. To moment er kalla opp etter henne: Podkopajeva-hoppet, og i frittståande: dobbel forlengs salto med halv skru i siste saltoen.
Podkopajeva vann frittståande i Turn-EM 1994. Året etter sikra ho seg to gullmedaljar i verdsmeisterskapen, i høvesvis mangekamp og hopp. Også under Sommar-OL 1996 i Atlanta tok ho to gullmedaljar, då i mangekamp og frittståande. Før ho kom så langt, vart ho europameister 1996 i mangekamp, frittsåande og skranke.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Lilija Podkopajeva» frå , den 11. desember 2022.
Kategori:Ukrainske turnarar Kategori:Olympiske meistrar for Ukraina Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Ukraina Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1996 Kategori:Ukrainske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Gymnastar under sommar-OL 1996 Kategori:Folk frå Donetsk