Skeiand (Spatula clypeata, tidlegare Anas clypeata) er ein fugleart i andefamilien som hekkar i Holarktis frå Island til Sakhalin og i Nord-Amerika. Arten er ein trekkfugl.
Skildring Hannfuglar er om lag 50 cm lang, hofuglar om lag 5 cm kortare. Hofuglen er brunspraglete, medan hannen har krittkvitt bryst, mørkegrønt hovud og raudbrun buk. Begge fuglane verkar framtunge i vatnet og nebbet peikar ofte nedover. Skeianda et små virvellause dyr inkludert krepsdyr og blautdyr. Dessutan vegatabilsk føde som frø og planterestar.
Hekkeområdet er vidt i Palearktis og vestlege Nord-Amerika, omtrent i området 40–60° nord. Dei overvintrar sør for hekkeområdet og nord for ekvator i Amerika, Europa inkludert Storbritannia, Afrika og sørlege Asia.
Reiret vert gøymt i vegetasjonen nær vatn og er bygt av gras og dun. Skeianda legg 8–10 gulkvite egg i april-juni. Hoa rugar i 23–25 dagar og ungane er flygedyktige etter 40–45 dagar.
Utbreiing i Noreg I Sør-Noreg er det få eksemplar av desse fuglane, og dei opptrer sporadisk i Nord-Noreg. Talet på observasjonar aukar. Skeiendene hekkar få om gongen ved grunne innsjøar med rik vegetasjon rundt Oslofjorden og frå Møre til Helgeland. Skeiendene er trekkfuglar som kjem i april og reiser att i september-oktober. Hekkefuglar frå Noreg overvintrar truleg i Europa og Nord-Afrika.
Arten er lista i norsk raudliste i kategorien sårbar, (VU).
mini|Skeiand-egg Kjelder Øystein R. Størkensen, 1994, Artsomtale: Anas clypeata – skjeand, S. 84 i: Gjershaug, J. O., Thingstad, P. G., Eldøy, S. & Byrkjeland, S. (red.): Norsk fugleatlas. Norsk Ornitologisk Forening, Klæbu. Henta 11. desember 2021 Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Andefamilien Kategori:Fuglar i Noreg