Humbug er på norsk eit synonym for svindel, juks eller bløff, og viser til noko som tilsynelatande kan verka overbevisande, men som er lureri. Ordet stammar frå eit engelsk slanguttrykk av ukjent opphav, i bruk frå ca 1750.Oppslagsord Humbug i Caprona, Yann de (2013): Norsk etymologisk ordbok: tematisk ordnet, Oslo: Kagge forlag, ISBN 978-82-489-1054-1«Humbug», Online Etymology Dictionary

Ordet er fyrst registrert i skriftleg norsk i ein artikkel i Morgenbladet frå 1825 som omtaler ein britisk ærekrenkingssak.«Morgenbladet 1825.11.29», Morgenbladet 29. november 1825, s. 2. Nasjonalbiblioteket I 1912 blei Jens Arnfred Olesen den siste i Noreg som blei dømt for blasfemi etter at han publiserte artikkelen «Den store humbugen». Dette fekk han ti kroner i bot for.«Lovens liv etter døden», Aftenposten 2. februar 2009Johanson, Ronnie (3. august 2009): «Fritænkere i hundre år», kronikk i Bergens Tidende

I Charles Dickens si bok Ei juleforteljing bryt Ebenezer Scrooge ut med «Bah, humbug!» når det er snakk om jula. I filmen Trollmannen fra Oz blir trollmannen karakterisert av Dorothy som berre «humbug».

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Humbug» frå , og «Humbug» frå den 28. november 2022.

Kategori:Engelske ord og uttrykk