mini|Bjørn Arild Gram les forslaget til statsbudsjett for 2023. Bjørn Arild Gram () er ein norsk politikar for Senterpartiet frå Steinkjer. Han har vore forsvarsminister i Støre-regjeringa sidan 12. april 2022. Før det var han kommunal- og distriktsminister frå 2021 til 2022 i same regjering. Gram var ordførar i Steinkjer kommune frå 2007 til 2020 og arbeidande styreleiar i arbeidsgjevar- og interesseorganisasjonen til kommunane KS frå 2020 til 2021. Liv og virke Bakgrunn Gram vaks opp på garden Øvre Skjefte i Steinkjer som son av Harald Gram og Else-Marie Grove, av trønderslekta Gram på farssida.

Etter at han fullførte vidaregåandeutdanninga si ved Steinkjer vidaregåande skule, gjekk han til rekruttskule på Steinkjersannan og tenestegjorde som grensevakt ved Garnisonen i Sør-Varanger. Han er utdanna siviløkonom frå Handelshøgskolen i Bodø. I tillegg har han studert økonomi, leiing og administrasjon ved Høgskolen i Nord-Trøndelag og dessutan historie ved NTNU.

Gram har tidlegare arbeidd som avdelingsleiar for kontroll og analyse i Telenor Mobil si kredittavdeling på Rørvik frå 2000 til 2005. Før Gram kom inn på Stortinget var han gardbrukar på Øvre Skjefte i Steinkjer, der han har dreiv korndyrking, skogdrift og økologisk frilandgris.

Politisk karriere Gram vart vald inn i Steinkjer kommunestyre for fyrste gong i 1992, og seinare inn i fylkestinget i Nord-Trøndelag i 1995. Mellom 1996 til 1998 var han leiar i Senterungdommen.

Frå 2003 til 2005 var Gram leiar i Senterpartiet si fylkestingsgruppe i Nord-Trøndelag, og statssekretær i Finansdepartementet under Stoltenberg II regjeringa frå 2005 til 2007. I 2007 vart han vald til ordførar i Steinkjer kommune. Han har òg vore vararepresentant til Stortinget i fleire periodar.

Mellom 2004 til 2007 og frå 2010 til 2012 var han leiar i Nord-Trøndelag Senterparti

Gram var nestleiar i arbeidsgjevar- og interesseorganisasjonen til kommunane KS frå 2012 til 2020, og frå 2020 til 2021 var han styreleiar. Han vart friteke frå ordførarvervet sitt etter at han vart KS-leiar.

Den 14. oktober 2021 vart han utnemnd til kommunal- og distriktsminister i Støre-regjeringa. Frå 12. april 2022 vart han forsvarsminister i same regjering etter at Odd Roger Enoksen trakk seg som forsvarsminister. Sigbjørn Gjelsvik vart ny kommunal- og distriktsminister.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bjørn Arild Gram» frå , den 22. november 2022.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Folk frå Steinkjer Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Stortingsrepresentantar for Møre og Romsdal Kategori:Stortingsrepresentantar frå Sp Kategori:Stortingsrepresentantar 2025-2029 Kategori:Norske siviløkonomar Kategori:Statssekretærar i Regjeringa Stoltenberg II Kategori:Statssekretærar frå Sp Kategori:Sp-ordførarar i Nord-Trøndelag Kategori:Sp-ordførarar i Trøndelag Kategori:Ordførarar i Steinkjer Kategori:Senterpartistatsrådar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Støre Kategori:Norske kommunalministrar Kategori:Norske forsvarsministrar