Máret Ánne Sara () er ein norsk-samisk bildekunstnar og forfattar. Ho bur og arbeider i Kautokeino.
Sara vart fødd i Kautokeino og voks opp i Finnmark i ein reindriftsfamilie med sommarbeite på Kvaløya. Ho har utdanna seg i kunst på Arts University i Bournemouth i England. Sara vart nominert til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2014. Verket hennar Pile o’Sápmi er innkjøpt av Nasjonalmuseet.Dag Eivind U. Larsen: Kunsten å konfrontere - Portrettintervju i Klassekampen 5. februar 2022 I 2022 vart det installert i vestibylen til det nyopna Nasjonalmuseet i Oslo.
I 2025-2026 stilte ho ut installeringa Goavve-Geabbil ved Tate Modern i London, som den fyrste samiske eller norske kunstnaren nokon gong.
Bibliografi
Ilmmiid gaskkas – fantasyroman for ungdom, DAT 2013 Mellom verdener – DAT 2014 Doaresbealde doali – fantasyroman for ungdom, DAT 2014 Utenfor sporet – DAT 2019 Samer i Russland = Sámit Ruossas : 1971-2017 – sakprosa, Cálliidlágádus 2017
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Máret Ánne Sara» frå , den 14. november 2022.
Bakgrunnsstoff
Máret Anne Sara i Store norske leksikon
Kategori:Folk frå Kautokeino Kategori:Samiske forfattarar Kategori:Samiske kunstnarar