Snekker Andersen og julenissen er ei juleforteljing av Alf Prøysen frå 1957. Ei fjernsynsutgåve av forteljinga blir ofte send på NRK rundt juletider.

Soga fortel at Snekker Andersen og julenissen kolliderer med kjelkane sine, stoppar og blir kjende med kvarandre. Etter ein prat endar det med at snikkaren dreg på julevitjing til julenissen sine born samtidig som nissen vitjar snikkaren sine. Julenisseborna får dette året oppfylt ønska sine om julegåver.

Utgjevingar Snekker Andersen og julenissen blei fyrst gjeven ut i desembernummeret av Kooperatøren 1957Juleeventyret om snekker Andersen; Prøysen-bibliografi, nb.no og deretter i boka Alle tiders gullhøne i 1959 med teikningar av Nils Aas

Soga blei gjeven ut som separat bildebok i 1971 med illustrasjonar av Hans Normann Dahl. I 1992 kom ei utgåve der Jens Ahlbom illustrerte boka.

TV og film Kvar julaftan sidan 1973 har NRK sendt historia som stillbilde-film av boka der Svein Erik Brodal les henne opp.

Spelefilmen Snekker Andersen og Julenissen (2016) var regissert av Terje Rangnes. Trond Espen Seim og Anders Baasmo speler hovudrollene som høvesvis Snekker Andersen og Julenissen. Det same teamet laga også filmen Snekker Andersen og Julenissen: Den vesle bygda som glømte at det var jul (2019), der dei kombinerte Snekker Andersen-universet med Prøysen si barnebok Den vesle bygda som glømte at det var jul (1966/1976).

Frimerke To av Dahl sine teikningar blei nytta som motiv på norske julefrimerke i 2012.Snekker Andersen og julenissen på frimerker ; posten.no, 12.11.2012

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Snekker Andersen og julenissen» frå , den 18. april 2026.

Bakgrunnsstoff Filmen på NRK Nett-TV

Kategori:Jul Kategori:Alf Prøysen Kategori:Barnebøker