Carly Elisabeth Simon () er ein amerikansk songar, låtskrivar og barnebokforfattar. Ho vart berømt på 1970-talet med ei rekkje hitplater; hennar 13 Topp 40 i USA inkluderer «Anticipation» (nr. 13), «Haven't Got Time for the Pain» (nr. 14), «Attitude Dancing» (nr. 21), «You Belong to Me» (nr. 6), «Coming Around Again» (nr. 18), og hennar fire Gull-sertifiserte singel «You're So Vain» (nr. 1), «Mockingbird» (nr. 5, ein duett med James Taylor), «Nobody Does It Better» (nr. 2) frå James Bond-filmen The Spy Who Loved Me og «Jesse» (nr. 11). Ho har skrive fem barnebøker og to memoarar.
I 1964 byrja Simon ein kort periode saman med søstera Lucy Simon som Simon Sisters. Duoen gav ut tre album, som byrja med Meet The Simon Sisters, som inneheldt «Winkin', Blinkin' and Nod». Basert på diktet av Eugene Field vart songen ein mindre hit og nådde nr. 73 på Billboard Hot 100.Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955-1990 - Etter at Lucy forlét gruppa, fekk Carly stor suksess som soloartist med sitt sjølvtitulerte debutalbum frå 1971, som vann henne Grammyprisen for beste nykommar, og gav henne den første topp 10-singlen hennar, «That's the Way I've Always Heard It Should Be» (nr. 10), som ho vart Grammy-nominert for beste kvinnelege popsong med. Hennar andre album, Anticipation, følgde seinare same år og vart ein endå større suksess, med dei vellykka singlane «Anticipation» og «Legend in Your Own Time», som gav henne nok ein Grammypris-nominasjon, og vart hennar første album som vart sertifisert gull av RIAA. Simon oppnådde internasjonal merksemd med sitt tredje album, No Secrets (1972), som låg som nr. 1 på Billboard 200 i fem veker, vart sertifisert platina, og skapte verdshitten «You're So Vain», som låg som nr. 1 på Billboard Hot 100 i tre veker, og gav henne tre Grammy-nominasjonar, inkluderte årets plate og årets låt. Andre singelen til albumet, «The Right Thing to Do», og dessutan B-sida, «(We Have) No Secrets», vart òg ein suksess. Hennar fjerde album, Hotcakes (1974), følgde snart etter og vart ein uvilkårleg suksess, nådde nr. 3 på Billboard 200, gjekk til gull nesten omgåande, og gav hitsinglane «Mockingbird» og «Haven't Got Time for the Pain». Det femte albumet til Simon Playing Possum, og samlinga The Best of Carly Simon, vart begge gjevne ut i 1975, med førstnemnde topp 10 på Billboard 200 og hitsingelen «Attitude Dancing», og sistnemnde vart til slutt 3× platina, og vart Simon si bestseljande utgiving.
I 1977 spelte Simon inn «Nobody Does It Better» som kjenningsmelodi til James Bond-filmen The Spy Who Loved Me, og han vart ein verdsomspennande hit. Songen skaffa henne nok ein Grammy-nominasjon, og gjekk til topps på Adult Contemporary-lista i 1977. I ettertid har songen vorte rangert som eit av dei beste Bond-temaa. Simon byrja å spela inn fleire songar til filmar på 1980-talet, mellom anna «Coming Around Again» til filmen Heartburn (1986). Songen vart ein stor Adult Contemporary-hit, og albumet Coming Around Again dukka opp året etter, til ytterlegare kritisk og kommersiell suksess, noko som gav Simon nok ein Grammy-nominasjon, platina og ytterlegare tre Adult Contemporary-hitsinglar; «Give Me All Night», «The Stuff That Dreams Are Made Of» og «All I Want Is You». Med hitten «Let the River Run» frå filmen Working Girl frå 1988 vart Simon den første artisten til å vinna ein Grammypris, ein Oscarpris og ein Golden Globe-pris for ein song komponert og skrive, og dessutan framført, heilt og fullt av ein enkelt artist.
Som ein av dei mest populære av dei konfesjonelle songarane/låtskrivarane som dukka opp tidleg på 70-talet, har Simon hatt 24 singlar på Billboard Hot 100-lista og 28 singlar på Adult Contemporary-lista. Blant dei ulike utmerkingane hennar, har ho vunne to Grammyprisar, frå 14 nominasjonar, og vart innlemma i Grammy Hall of Fame for «You're So Vain» i 2004. AllMusic kalla henne «ein av dei viktigaste songar-låtskrivarane i 70-åra». Ho har ei alt-røyst,Weller 2009, s. 159 og har nemnt Odetta som ein stor innverknad.Weller 2009, s. 96 Simon vart innlemma i Songwriters Hall of Fame i 1994. Ho vart heidra med Boston Music Awards Lifetime Achievement for livsverket sitt i 1995, og vart æresdoktor ved Berklee College of Music i 1998. I 2005 vart Simon nominert til ei stjerne på Hollywood Walk of Fame, men ho har enno ikkje fått stjerna si. I 2012 vart ho heidra med The Founders Award frå American Society of Composers, Authors and Publishers. Den 5. november 2022 vart Simon innlemma i Rock and roll Hall of Fame.
Karriere Simon byrja opptre med systera Lucy Simon i 1963 som The Simon Sisters. Duoem gav ut tre album, fyst Meet the Simon Sisters med songen «Winkin', Blinkin' and Nod», som ble ein mindre hitt. Etter at Lucy gav seg fekk Carly stor suksess som soloartist med debutalbumet Carly Simon frå 1971. Med dette vann ho Grammy Award for Best New Artist. Singelen «That's the Way I've Always Heard It Should Be» nådde Topp 10-lista og gav henne ein Grammy-nominasjon for Best Female Pop Vocal Performance.
Det andre albumet til Simon, Anticipation, kom ut året etter og blei ein endå større suksess. Det selte til gull. Det tredje albumet, No Secrets (1972), var på fyrsteplassen på Billboard 200 i fem veker og selde til platina.
Filmmusikk (utval) I 1977 framførte Carly Simon «Nobody Does It Better» i James Bond-filmen The Spy Who Loved Me. I alle tidlegare Bond-filmar hadde hovudmelodien av filmen hatt same tittel som filmen sjølv; bidraget til Simon representerte eit brot med denne tradisjonen.
Til filmen Working Girl frå 1988 skreiv Simon fleire av musikkspora, og for gjennomgangsmelodien av filmen Let the River Run vann ho som første kvinnelege komponist ein Grammy Award, ein Golden Globe og Oscar for beste song.
Diskografi
Studioalbum 1971: Carly Simon 1971: Anticipation 1972: No Secrets 1974: Hotcakes 1975: Playing Possum 1976: Another Passenger 1978: Boys in the Trees 1979: Spy 1980: Come Upstairs 1981: Torch 1983: Hello Big Man 1985: Spoiled Girl 1987: Coming Around Again 1990: My Romance 1990: Have You Seen Me Lately 1994: Letters Never Sent 1997: Film Noir 2000: The Bedroom Tapes 2005: Moonlight Serenade 2007: Into White 2008: This Kind of Love 2009: Never Been Gone
Julealbum 2002: Christmas Is Almost Here
Konsertalbum 1988: Greatest Hits Live
Andre album 1989: Working Girl (Original Soundtrack Album) 1992: This Is My Life (Music from the Motion Picture) 1993: Romulus Hunt: A Family Opera 2003: Piglet's Big Movie (soundtrack) 2005: The Best of Pooh and Heffalumps, Too
Samlealbum 1975: The Best of Carly Simon 1995: Clouds in My Coffee 1999: The Very Best of Carly Simon: Nobody Does It Better 2002: Anthology 2004: Reflections: Carly Simon's Greatest Hits 2009: Carly Simon Collector's Edition 2011: Original Album Series 2014: Playlist: The Very Best of Carly Simon 2015: Songs From The Trees: A Musical Memoir Collection
Filmar
Konsertfilmar 1987: Live from Martha's Vineyard 1990: Carly in Concert: My Romance 1995: Live at Grand Central 2005: A Moonlight Serenade on the Queen Mary 2
Filmar 1971: Taking Off (som seg sjølv) 1980: No Nukes (artist) 1985: Perfect (som seg sjølv) 2004: Little Black Book (som seg sjølv)> 2006: Christa McAuliffe: Reach for the Stars (musikk)
Bøker
Barnebøker 1989: Amy the Dancing Bear 1990: The Boy of the Bells 1991: The Fisherman's Song 1993: The Nighttime Chauffeur 1997: Midnight Farm
Sjølvbiografiar 2015: Boys in the Trees: A Memoir 2019: Touched by the Sun: My Friendship with Jackie
Biografiar 2008: Girls Like Us: Carole King, Joni Mitchell, Carly Simon and the Journey of a Generation by Sheila Weller 2011: More Room in a Broken Heart: The True Adventures of Carly Simon by Stephen Davis
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Carly Simon» frå og «Carly Simon» frå , den 5. november 2022.
Bakgrunnsstoff
Kategori:USA-amerikanske popsongarar Kategori:USA-amerikanske låtskrivarar Kategori:USA-amerikanske softrockmusikarar Kategori:Oscarvinnarar Kategori:Golden Globe-vinnarar Kategori:Grammyprisvinnarar Kategori:Musikarar frå New York City Kategori:James Taylor