Eva Therese Bjørneboe () er ein norsk redaktør og teatermeldar. I åra 1983–1985 var Bjørneboe redaktør for Rød Ungdoms tidsskrift Rute 80, og frå 1994 til 1996 kulturredaktør i Klassekampen.

Ho er teatermeldar i Aftenposten, frå 1998 redaktør for Norsk Shakespeare- og teatertidsskrift, og har sete i styret for Det norske Shakespeareselskap, der ho i 2014 vart utnemnd til æresmedlem. Ho er cand. philol.

Bjørneboe er gift med forfattaren Dag Solstad. Ho er dotter av Jens Bjørneboe og søster av Suzanne og Marianne Bjørneboe.

Eva Therese Bjørneboe vart i 2011 tildelt Willy Brandt-prisen og fekk i 2019 Norsk kulturråds ærespris.

Utgivingar

Jens Bjørneboe. Utvalgte essays (Pax forlag, 1989). Redaktør Jens Bjørneboe. Brev i utvalg (Pax forlag, 2006). Redaktør sammen med Tore Rem.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Therese Bjørneboe» frå , den 27. oktober 2022.

Kategori:Vinnarar av Heddaprisen Kategori:Norske litteraturhistorikarar og kritikarar