mini|Ein av dei mest kjende bygningane frå seinantikken: Hagia Sofia i det som er dagens Istanbul, påbyrja i år 325. Minaretane blei lagde til etter den muslimske erobringa i 1453. Seinantikken viser til den historiske tidsepoken som dekkjer overgangen mellom antikken og mellomalderen i Europa og andre middelhavsland. Omgrepet blei skapt på byrjinga av 1900-talet av den austerrikske kunsthistorikaren Alois Riegl. Presise avgrensingar for perioden er vanskelege å setja og er blitt mykje diskuterte, men som regel plasserer ein byrjinga frå styret til keisar Diokletian styre ved 284 e.Kr. og fram til dei muslimske erobringane, grovt rekna frå år 300 til år 600. Perioden blir òg tenkt å dekka slutten av krisetida til Romarriket på 200-talet (ca. 235-284) og fram til omorganiseringa av Austromarriket (eller Det bysantinske riket) under keisar Herakleios (død 641), og samtidig dei muslimske erobringane på 600-talet.
For Austromarriket går perioden anten fram til døden til keisar Justinian den store i år 565 eller den muslimske ekspansjonen på 600-talet. Denne fasen i austromersk historie blir òg kalla tidlegbysantinsk tid. Gjennom seinantikken gjekk Austromarriket gjennom ein endringsprosess med store tap av landområde, samtidig som den andre seinantikke stormakta Sasanideriket gjekk heilt under i 651.
Seinantikken utgjer det siste avsnittet av antikken. Han høyrer ikkje lenger til den «klassiske» antikken, men kan likevel ikkje heilt reknast til mellomalderen. Seinantikken er kjenneteikna av at tradisjonane til antikken er til stades, samtidig som det finn stad kristen-germansk omdanning og utforming. Medan historikarar tidlegare meinte det var snakk om ein nedgang, omtalar nyare historikarar epoken meir nøytralt som ein «transformasjon» eller endring av den antikke arven i tida mellom rundt 300 og 600. Ei særleg hending er sigersgangen til kristendommen og eit gradvis tap av førkristne kultar og tradisjonar. Også i kunsten og litteraturen oppstår dei ein eigen, karakteristisk stil – som også oppviser orientalsk innverknad – gjennom omforming og utforming av klassiske gresk-romerske former og tema til tilsvarande kristne former og tema. høgre|mini|Kamp mellom hæren til Herakleios og perserne under Khosrau II av Persia. Freskomåleri av Piero della Francesca, ca. 1452. Senantikken er òg karakterisert ved at Romarriket gjekk gjennom betydelege endringar sosialt, kulturelt og i statsforvaltninga som byrja med styret til keisar Diokletian, der ein byrja prosessen med å dela riket i ein austleg og ein vestleg del, kvar av dei styrt av talrike keisarar. Frå og med keisar Konstantin den store var kristendommen offisiell statsreligion, hovudstaden blei flytta frå Roma og til Konstantinopel, og den sakrale stillinga til keisarane blei sementert. Den same epoken er òg kjend som folkevandringstida, ved at store folkevandringar av germanske stammar forstyrra og reiv sund romersk styre frå slutten av 300-talet og framover. Dette kulminerte med at Romarriket braut saman i vest i år 476, og blei erstatta med germanske kongedømme. Den resulterande kulturelle fusjonen eller samansmeltinga av gresk-romerske, germanske og kristne tradisjonar danna det kulturelle fundamentet for Vest-Europa som kom til prega den vestlege mellomalderen.
Den generelle nedgangen i folketal, tap av teknologisk kunnskap og levestandard i Vest-Europa i løpet av denne perioden blei det arketypiske dømet på samanbrotet i samfunnet i følgje forfattarar frå renessansen og fram til moderne tid. Som eit resultat av denne nedgangen, og den relative knappleiken på historiske oppteikningar frå særleg Vest-Europa, har òg gitt denne overgangtida nemninga «den mørke tidsalderen», eit omgrep som i moderne tid er blitt erstatta med omgrepet seinantikken. mini|Justinian I, mosaikbilde frå San Vitale i Ravenna. Justinian var austromersk (bysantinsk) keisar og styrte frå 527 til 565. Han blir tradisjonelt rekna som den første store keisarskikkelsen i Bysants og den siste som prøvde å gjenskapa Romarriket.
Historie
Diokletian – stabilisering og reform Då Diokletian blei keisar i 284 gjekk Romarriket inn i den seine fasen sin. Den førre krisetida med soldatkeisarane (235–284/5) hadde destabilisert riket. Det var konstant i fare for krig på fleire frontar. Den bortimot samtidige veksten til det nypersiske Sasanideriket, den store motstandaren til romarane i aust, og danninga av store germanske stammeforbund i Rhinområdet, kompliserte situasjonen dramatisk. Sasanidane var betre organiserte enn Partia, riket som dei avløyste, og slagkrafta til dei germanske stammeforbunda var mykje større enn dei tidlegare mindre stammegrupperingane deira. Samtidig truga gotarar og sarmatar i Balkan-området.
Den romerske forvaltninga var blitt handlingsudyktig, medan delområde som Gallia og Palmyra mellombels reiv seg laus frå riket. Likevel lykkast det keisarane frå og med Aurelian å overkomma krisa som ikkje hadde ramma alle delar av riket like hardt. Diokletian streva etter å stabilisera og samtidig reformera den romerske staten meir. Han innførte fleire tiltak som allereie var blitt utvikla av forgjengarane hans. Den grunnleggande reforma av forvaltninga førte til auka sentralisering og byråkrati. Skattesystemet blei meir restriktivt.Se Capitatio-Iugatio-systemet Den sivile sektoren blei halden skilt frå den militære, eit prinsipp ein heldt fast på fram til avslutninga av perioden. Riket blei òg inndelt i stift for å sikra ei betre forvaltning.«Stifter» i den romerske forvaltning : latin: dioecesis – fra gresk: dioikesis, forvaltning, administrasjon. Det blei òg innført ei myntreform, men her var resultata meir beskjedne.
Konstantin den store og gjennombrotet til kristendommen Konstantin den store, son av tetrarken Konstantius I, stod fram i den blodige maktkampen som følgde kort tid etter at Diokletian hadde trekt seg tilbake i 305. I 306, etter at faren døydde, lét han seg utropa av soldatane sine til keisar i York, men blei ikkje akseptert av dei andre tetrarkane. Fyrst kjempa han mot Maxentius, sonen til tetrarken Maximian Herculius, som hadde stått imot ordninga til Diokletian. I samanheng med maktkampen kom slaget ved Ponte Milvio (den milviske brua), og ifølgje soga vedkjente seg Konstantin seg til kristendommen då. Før slaget skal han ha sett eit krossteikn, og vunne under dette teiknet.Sammenlign med den viktige, men omstridte artikkelen til Peter Weiß, «Die Vision Constantins», i: Jochen Bleicken (utg.): Colloquium aus Anlass des 80. Geburtstages von Alfred Heuß, Lassleben, Kallmünz 1993, s. 143–169 – (engelsk: «The vision of Constantine», i: Journal of Roman archaeology 16, 2003, s. 237–259), hvor visjonen føres tilbake til et naturlig astronomisk fenomen. I slaget vann Konstantin det vestlege riket for seg sjølv.
Etter 324 var Konstantin eineherskar i riket, ettersom han på dette tidspunktet hadde avvist den siste konkurrenten sin Licinius som han i 313 framleis hadde hatt ei forståing med. Konstantin vidareførte deretter reformene til Diokletian. I forvaltninga oppretta han nye hoffembete, omdanna praefectus praetorio (prætorianarprefekt) til det høgaste sivile embetet og innførte fleire skattar. På det militære området gjekk embetet magister militum («meister for soldatane») og til sist ei deling av hæren til ein rørleg hær og ein grensehær tilbake til han. Under Konstantin skjedde òg dei mest vidtgåande skritta ein romersk keisar hadde teke sidan principatet blei grunnlagt av Augustus: Konstantin opphøgde kristendommen, som berre nokre år tidlegare var blitt forfølgd, til ein privilegert religion som var anerkjend av staten.
Eit anna viktig resultat av regjeringstida hans var skipinga av ein ny hovudstad som fekk namn etter han, Konstantinopel, «byen til Konstantin». Han var kjend som det nye Roma, og blei innvigd i 330. På denne måten blei tyngdepunktet i Romarriket flytta mot aust, som var den økonomisk mest innbringande del av riket. Kort tid før eit planlagt felttog mot Sasanideriket døydde Konstantin i nærleiken av Nikomedia. Han lét seg fyrst døypa kort før han døydde, noko som ikkje var uvanleg på denne tida. mini|Julian sitt felttog mot sassanidane. Etter at keisar Valentinian I hadde klart å sikra riket blei det igjen leidd av to keisarar, men klarte ikkje å stå imot dei ytre truslane. Valentinian I var såleis den siste keisaren som dreiv krigføring over elvane Rhinen og Donau. Han innsette broren sin Valens i aust, og tok seg av forsvaret av grensene sjølv. Samtidig fann det stad større endringar i aust. På 370-talet byrja folkevandringane i Europa. Hunarar, eit stammefolk frå Asia, vandra inn i Austl-Europa. I prosessen fortrengde dei andre folkeslag, mellom anna gotarar, mot vest og over Donau. Desse blei tekne opp i riket, men gjekk seinare til opprør grunna mangel på forsyningar. I 378 påførte dei austkeisar Valens eit tilinkjegjerande nederlag i slaget ved Adrianopel, der også Valens sjølv blei drepen. Dette nederlaget blei allereie av samtida sett på som eit teikn på Roma sin nedgang.
Gratianus, den eldste sonen til Valentinian I som blei keisar i vest etter at far hans døydde av hjerneslag i 375, innsette i 379 Theodosius, som hadde opphav i Hispania, som keisar for den austlege delen. Theodosius overtok då den tunge oppgåva med å i det minste stabilisera den austlege delen av riket. I 382 inngjekk han ein traktat, foedus, med gotarane. Dei kunne bli i riket og tena som soldatar, foederati eller forbundsfellar, men kunne elles vera sjølvstyrte. Denne avtalen jamna jorda for riksdanninga til germanarane innanfor imperiet, men det lykkast å førebels stabilisera situasjonen. Samtidig kunne Theodosius igjen rå over tilstrekkeleg med soldatar.
mini|Theodosius den store (379-395) på ein romersk mynt
I vest var situasjonen ein annan. Gratianus, som hadde ført felttog mot alemannarane, blei drepen i Lyon som følgje av ein soldatoppstand i Britannia, som raskt hadde spreidd seg til kontinentet. Theodosius kunne ei tid koma overeins med usurpatoren Magnus Maximus, men gjekk til sist imot han, overvann han i 388 og fekk han avretta. Han gav deretter herredømmet over vesten til den 17-årige Valentinian II, den yngre broren til Gratianus. Den unge keisaren hadde lite å setja opp mot dei faktiske makthavaren i vestriket, frankaren Arbogast som var magister militum eller «hærmeister». 15. mai 392 blei Valentinian funnen hangen i den galliske bustaden sin i Vienne. Arbogast hevda at døden til keisaren var sjølvmord, noko forskarane er delte i synet sitt på.
Etter fleire veker utan vestleg augustus lét Arbogast til sist den heidenske hoffembetsmannen og retoren Eugenius utropast til keisar. Han førte ein relativ tolerant politikk over folk med anna tru enn kristendommen. Theodosius ville ikkje akseptera den nye keisaren, og marsjerte igjen mot vest for å nedkjempa hæren til Eugenius i byrjinga av september 394 i det blodige slaget ved Frigidus. Eugenius blei avretta, medan Arbogast tok livet av seg. Theodosius innskrenka høve til å ha ei anna tru enn kristendommen allereie i 380/381 med ein lov, og ved meir ytterleggåande lover i 391 og i 392 fekk ikkje-kristne eit politisk forbod.
Theodosius sameinte Romarriket endå ein gang for ei kortare tid, før det blei endeleg delt i 395 etter at han døydde, under sønene hans Honorius (395-423) i vest og Arcadius (395-408) i aust. Samtida oppfatta ikkje delinga som endeleg, og lovane til keisaren gjaldt stadig for heile riket. Vestkonsulen blei fram til opphevinga av konsulatet under Justinian I (død 565) òg anerkjend i Austromarriket, og det same gjald dei austlege konsulane i den vestlege delen av riket. Likevel utvikla dei to halvdelane av Romarriket seg etter 395 stadig raskare frå kvarandre.
Frå riksdelinga til erobringa av Roma mini|Augustin av Hippo