mini|Tenkt portrett av Hurrem Sultan (Roxelana) Kvinnesultanatet (tyrkisk Kadınlar saltanatı) var ein periode i Det osmanske riket då konene og mødrene til sultanane hadde uvanleg stor innverknad. Ein set gjerne starten for denne tida til giftarmålet mellom sultan Suleiman I med Hurrem Sultan (Roxelana) i 1533, og slutten med avsettinga av Turhan Hatice Sultan som regent i 1656. Viktige kvinner i denne tida var Mihrimah Sultan, Nurbanu Sultan, Esther Handali, Safiye Sultan, Esperanza Malchi, Beatrice Michiel og Kösem Sultan.

Sultanaene med innverknad i denne perioden var anten koner av sultanen, med tittelen haseki sultan, eller mor til sultanen, med tittelen valide sultan. Mange av desse kvinnene var opphavleg slavar, ein skikk ein venta i sultanatet ettersom ein meinte tradisjonelle ekteskapsroller innebar for stor risiko for sultanen, som ikkje skulle ha nokon andre personlege band utover tittelen sin. Sultanaene hadde politisk og sosial makt som gjorde at dei kunne påverka det daglege styret av riket og driva velgjerds- og bygningsarbeid, som Valide Sultan-moskeen i Istanbul.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kvinnornas sultanat» frå , den 8. september 2022.

Denne artikkelen bygger på «Sultanate of Women» frå , den 8. september 2022.

Kategori:Osmansk historie Kategori:Kvinnehistorie