Portal er eit plattform-hjernetrimspel utvikla og utgjeve av Valve. Det var først utgjeve som del av samlepakken The Orange Box til Windows, Xbox 360 og PlayStation 3 og seinare til Mac OS X, Linux, Android (via Nvidia Shield) og Nintendo Switch.

Portal består hovudsakleg av ein serie av kammer med gåter som må løysast ved å teleportera spelefiguren og enkle objekt ved å bruka «Aperture Science Handheld Portal Device», ofte kalla «portal gun» (portal-pistolen), eit apparat som kan laga inter-spatiale portalar mellom to flate plan. Spelefiguren, Chell, blir utfordra og håna av den kunstige intelligensen GLaDOS (Genetic Lifeform and Disk Operating System) til å greia kvart kammer i Aperture Science Enrichment Center ved å bruka portal-pistolen, med lovnad om å få kake på slutten. Den unike fysikken i spelet lèt kinetisk energi bevarast gjennom to portalar, og krev kreativ bruk av portalane for å manøvrera spelaren gjennom testkammera. Denne spelemekanikken er basert på eit liknande konsept frå spelet Narbacular Drop. Fleire av utviklarane frå DigiPen Institute of Technology som arbeidde på Narbacular Drop vart hyra av Valve for å utvikla Portal.

Portal vart hylla som eit av dei mest originale spela i 2007, trass kritikk for den korte lengda og avgrensa historia. Det fekk ros for originaliteten, dei unike spelemekanikkane og den dystre historia med humoristisk dialog. GLaDOS, gjeve stemme av Ellen McLain i den engelske utgåva, fekk hyllester for si unike karakterisering, og songen «Still Alive» under rulleteksten på slutten av spelet, skriven av Jonathan Coulton, var prisa for den originale komposisjonen og humoristiske vrien. Portal har ofte vore vørda som eit av dei viktigaste dataspela gjennom tidene. Sett bort frå digitale kopiar via Steam, har spelet selt over fire millionar kopiar sidan utgjevinga.

Ein versjon med ekstra gåter, Portal: Still Alive, var utgjeven av Valve på Xbox Live Arcade i oktober 2008 eksklusivt til Xbox 360. Spelet fekk ein oppfølgjar i 2011, med Portal 2, som utvida historia og la til fleire nye spelemekanikkar og ein samarbeidsmodus for to spelarar.

Spelemekanikkar

I Portal kontrollerer spelaren protagonisten Chell, sett frå eit perspektiv i førsteperson, medan ho blir utfordra til å navigera gjennom ein serie av testkammer ved å bruka Aperture Science Handheld Portal Device, eller portalpisolen, under tilsyn av den kunstige intelligensen GLaDOS. Portalpistolen kan laga to distinkte portal-endar, oransje og blå. Portalane lagar eit visuelt og fysisk samband mellom to ulike lokasjonar i tredimensjonalt rom. Korkje av portalendane er ein inn- eller utgang, ettersom alle objekt som går gjennom ein av dei vil koma ut av den andre. Eit viktig aspekt ved fysikken i spelet er omdirigering og bevaring av momentum. Når objekt i rørsle går gjennom portalar, kjem dei ut av den utgangsportalen i same retning som portalen er vend og med same fart som dei gjekk inn i inngangsportalen. Til dømes, ein vanleg manøver er å plassera ein portal eit stykke under spelaren på golvet, hoppa gjennom han, bygga opp fart i fritt fall og koma ut av den andre portalen på ein vegg, som sender spelaren over ein avgrunn eller eit anna hinder. Denne prosessen med å bygga opp fart og omdirigera farten mot eit anna område av eit problem lèt spelaren senda objekt eller Chell over store distansar, både vertikalt og horisontalt, kalla «flinging» (slenging) av Valve. Dersom portalendar ikkje er på parallelle plan, vil karakteren som går gjennom bli reorientert til oppreist posisjon i høve gravitasjonsretninga etter å gå ut av portalen.

Chell og alle andre objekt i spelet som kan passa inn i portalendane vil gå gjennom portalen. Ein portal som er send ut kan derimot ikkje på gjennom ein open portal, han vil då deaktiverast eller laga ein ny portal i ein forskyva posisjon. Å laga ein portalende vil straks deaktivera ein eksisterande portal med same farge. Objekt i rørsle, glas, spesielle veggoverflater, væsker og område som er for tronge vil ikkje kunna halda på ein portal. Chell er stundom gjeve kubar som ho kan plukka opp og bruka til å klatra på eller til å halda nede store knappar som opnar dører eller aktiverer mekanismar. Partikkelfelt, kjende som «Emancipation Grills», finst på slutten av alle testkammera. Når ein passerer dei vil dei deaktivera alle aktive portalar og bryta ned alle objekt som ein ber gjennom. Desse felta blokkerer også forsøk på å fyra av portalar gjennom dei.

Sjølv om Chell er utstyrt med mekaniserte hælfjører for å hindra fallskader, kan ho mista livet av fleire andre farer i testkammea, som skot, energiballar og giftig væske. Ho kan òg bli drepen av objekt som treffer henne i høg fart, og av ein serie av store stempel som dukkar opp i nokre av nivåa. Til skilnad frå dei fleste actionspel på den tida er det ingen indikator på helsa til spelefiguren, Chell døyr dersom ho blir utsett for nok skade over ein kort periode, men returnerer raskt att ved full helse. Nokre hinder, som energiballar og stempel, gjev brått fatal skade ved eit treff.

Fleire løysningar er ofte mogelege for å fullføra kvar gåte. To ekstra modi er låste opp etter å ha greidd spelet, som utfordrar spelaren med å finna alternative måtar å fullføra kvart testkammer. Meir utfordrande brett er låste opp midtvegs i spelet (Challenge Mode) og meir avanserte kammer er låste opp etter at spelet er fullført (Advanced Mode). I Challenge mode går ein gjennom nivåa på nytt med eit tilleggsmål som å fullføra nivået raskast mogeleg, med færrast mogeleg portalar eller ved å ta færrast mogeleg steg. I Advanced mode er nokre nivå gjorde meir komplekse ved at fleire hinder og farar er lagde til.

Oversyn Karakterar Spelet har to karakterar i handlinga: den stille hovudpersonen Chell som spelaren kontrollerer og GLaDOS (Genetic Lifeform and Disk Operating System), ein kunstig intelligens i ein datamaskin som overvakar og rettleier spelaren. I den engelske utgåva er GLaDOS gjeve stemme av Ellen McLain, men stemmen hennar er justert for å verka meir kunstig. Den einaste bakgrunnsinformasjonen ein får om Chell er gjeve av GLaDOS, men truverdet til desse faktaa, som at Chell er adoptert, foreldrelaus og utan vener, er heller tvilsamt ettersom GLaDOS sjølv innrømmer at ho er ein løgnar. I teikneserien «Lab Rat», laga av Valve for å fylla tomrommet mellom Portal og Portal 2, avslører arkivaliane til Chell at ho til slutt vart avvist som testperson av di ho var «for uthaldande» – som er hovudgrunnen til at Doug Rattman, ein tidlegare tilsett ved Aperture Science, flytte Chell fremst i testkøen.

Setting mini|Logoen til Aperture Science Laboratories Portal går føre seg i Aperture Science Laboratories Computer-Aided Enrichment Center, eit forskingsanlegg ansvarleg for utviklinga av portalpistolen. Ifølge informasjon presentert i Portal 2, er komplekset lokalisert på den nordlege halvøya i Michigan. Aperture Science finst i det same universet som Half-Life-serien, sjølv om koplingar mellom dei to seriane er avgrensa til referansar.

Lokalitetane i Enrichment Center som Chell utforskar ymtar om at det er del av ein massiv forskingsinstallasjon. I det tidsrommet hendingane i Portal går føre seg, framstår fasiliteten å ha vore aude lenge, sjølv om det meste av utstyret held fram å vera operasjonelt utan menneskeleg kontroll. Under utviklingsfasen av Half-Life 2: Episode Two inneheldt spelet eit kapittel sett til Aperture Science-isbrytaren Borealis, men dette vart avbrote og fjerna før utgjevinga.

Handling Spelet byrjar med at Chell vaknar opp og høyrer instruksjonar frå GLaDOS, ein kunstig intelligens, om komande testar. Chell går inn i sekvensielle distinkte kammer som introduserer henne for ulike utfordringar som ho må løysa ved bruk av portalpistolen, med GLaDOS som sin einaste interaksjon. GLaDOS lovar henne kake som lønning dersom ho fullfører alle testkammera. Medan Chell nærmar seg enden av testane, blir oppførselen og motiva til GLaDoS stadig meir uhyggelege, noko som tyder på ei uoppriktig og kynisk ignorering av trygginga og velværet til tidlegare testpersonar. Testkammera blir gradvis farlegare etter som Chell kjem vidare, inkludert ein kamptreningsbane for militære androidar og kammer fylte av farleg væske. I eitt av kammera tvingar GLaDOS Chell til å «eutanasera» ein assisterande kube (Weighted Companion Cube) ved å kasta han inn i ein forbrenningsomn, som ho brukte til å klara gåtene i det kammeret.

Etter at Chell greier det siste testkammeret, manøvrerer GLaDOS henne inn i ein forbrenningsomn i eit forsøk på å ta livet av henne. Chell slepp unna ved å bruka portalpistolen og finn vegen gjennom vedlikehaldsområda inni Enrichment Center. GLaDOS får panikk og insisterer på at ho berre lata som at ho skulle drepa Chell som del av testinga, medan det kjem fram at GLaDOS tidlegare har drepe alle innbyggarane i senteret. Chell går vidare gjennom vedlikehaldsområda og oppdagar falleferdige rom bak kulissane dekte av grafitti med setningar som «the cake is a lie», og pastisjar med sitat frå kjende poetar som Henry Wadsworth Longfellow and Emily Brontë.

Trass forsøka til GLaDOS om å avråda henne med løgner og trugslar, kjem Chell fram til eit stort kammer der maskinvara til GLaDOS heng i taket. Ei kule fell av GLaDOS og Chell hiv henne inn i ein forbrenningsomn. GLaDOS avslører at kula var den moralske kjernen av samvitet hennar, ein av fleire personlegdomskjernar som Aperture Science-tilsette installerte etter at ho fløyma senteret med nervegass, og med kjernen fjerna har ho tilgang på utsleppsmekanismane att. Ei nedtelling på seks minutt startar medan Chell losnar og brenn opp fleire personlegdomskjernar, samtidig som GLaDOS hånar og angrip henne. Etter at Chell øydelegg den siste kjernen, blir rommet rive i stykke av ein malfunksjon og sender alt opp til overflata. Chell ligg føre inngangsporten til fasiliteten blant restane av GLaDOS, men blir straks dregen vekk av ein usett robotisk entitet.

Den endelege scena, sett frå ein stad inni fasiliteten, viser ei blautkake med eit levande lys og ein Weighted Companion Cube, omringa av hyller med fleire inaktive personlegdomskjernar. Kjernane lysar opp før ein robotarm kjem ned og sløkker lyset på kaka, slik at rommet blir mørkt. Medan rulleteksten syner seg på skjermen, leverer GLaDOS ein avsluttande rapport gjennom ein song, der ho erklærer eksperimentet for å vera ein suksess.

Utvikling Konsept