Septuaginta er ei før-kristen omsetting av Det gamle testamentet og nokre nærskylde skrifter til gresk. Ho blir først nemnd i brev frå Aristeas. Brevet er falskt, men vart skrive omkring 200 fvt. I brevet blir det fortalt at 72 lærde jødar, seks frå kvar av dei tolv israelske stammane, stod bak omsettinga. Frå dette kjem namnet septuaginta, som er gresk for 70. I teologisk litteratur blir tittelen ofte korta ned til romertalet LXX.

Samlinga inneheld 46 gammaltestamentlege bøker, det vil si dei 39 bøkene i den jødiske kanon (i jødisk tradisjon blir desse delt opp i berre 24 bøker) samt dei deuterokanoniske skriftene. Dei sistnemnte, som det er sju av, utgjer ein del av den katolske og den ortodokse Bibelen. I motsetnad til ein del moderne bibelutgåver der dei deuterokanoniske bøkene er tatt med, er desse ikkje plassert i ein egen del, men er sett mellom dei andre bøkene i en forsøksvis kronologisk/tematisk orden. I tillegg til desse kjem fire skrifter og ein salme som berre er rekna som kanoniske i nokre einskilde kyrkjesamfunn. Septuaginta er den offisielle versjon av Det gamle testamentet i Den ortodokse kyrkja, sjølv om nokre av bøkene ikkje blir rekna som kanoniske.

Den jødiske kanonen

Første Mosebok Andre Mosebok Tredje Mosebok Fjerde Mosebok Femte Mosebok Josva Domarane Rut Første Samuelsbok Andre Samuelsbok Første Kongebok Andre Kongebok Første Krønikebok Andre Krønikebok Esra (GT) Nehemja (GT) Ester Job Salmenes bok Salomos ordspråk Forkynnaren Høgsongen Jesaja Jeremia Klagesongane Esekiel Daniel Hosea Joel Amos Obadja Jona Mika Nahum Habakkuk Sefanja Haggai Sakarja Malaki

Dei deuterokanoniske bøkene

Tobit Judit Den greske Ester-boka (blir ikkje talt som ei eiga bok, men som tillegg til Esters bok) Visdomens bok Sirak Baruk Tillegg til Daniels bok (blir ikkje talt som ei eiga bok, men som tillegg til Daniels bok) Første Makkabeerbok Andre Makkabeerbok

Tillegg

Jeremias brev Manasses bønn Tredje Esra (Første Esdras) Fjerde Esra (Andre Esdras) Salme 151

Kategori:Kristne skrifter Kategori:Jødiske skrifter