Fury- og Heclasundet eller Fury and Hecla Strait er eit smalt sund i Qikiqtaaluk-regionen i Nunavut nord i Canada. Det er frå 2 til 20 km breitt. Det skil Baffinøya i nord frå Melvillehalvøya i sør. Sundet knyter saman Foxesjøen i aust med Boothiavika i vest. Sundet har tidvasstraumar begge vegar, og dannar utløpet for Hudsonbukta mot Atlanterhavet.

Sundet blei oppdaga for europearane i 1822 av William Parry, og fekk namn etter dei to fartøya i ekspedisjonen hans, HMS «Fury» og HMS «Hecla». Begge skipa sat fast i isen i oktober 1821, og kunne ikkje koma ut før etter åtte månader. I ventetida lærte ekspedisjonen frå dei lokale inuittane at det faktisk var eit sund dei var kome til.

Sundet er nesten alltid dekka av is, noko som har gjort maritim ferdsel vanskeleg. Den fyrste gjennomseglinga var med ein isbrytar i 1948. Den fyrste gjennomsegling frå vest til aust var i 1956.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Fury og Heclastredet» frå , den 13. juli 2022.

Kategori:Sund i Canada Kategori:Geografi i Nunavut Kategori:Nordvestpassasjen Kategori:Stader kalla opp etter skip