Claudinei Quirino da Silva () er ein brasiliansk tidlegare sprintar som utmerkte seg særleg på 200 meter. Han vann bronse på distansen i VM 1997 og sølv i VM 1999. Ved Sommar-OL 2000 fekk han OL-sølv med Brasils mannskap i 4 x 100 meter stafett.
Aktiv Ved verdsmeisterskapen 1997 vart Silva tredjemann på 200 m, tre hundredels sekund bak Frankie Fredericks, men langt bak Ato Boldon. To år seinare vann Silva sølv på distansen i Sevilla-VM, 0,10 sekund etter Maurice Greene frå USA. Elles i meisterskapen tok han og Brasil bronsen i 4 x 100 m stafett. To veker etter VM-finalen sigra Silva på 200-meteren ved det avsluttande IAAF-stemnet i München på tida 19,89 sekund, hans livs beste løp på distansen. Under dei olympiske leikane i Sydney hausten 2000 sprang Silva det brasilianske stafettlaget inn til sølvplass og landsrekord på 37,90 sekund, USA vann på tida 37,61.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1995 i Göteborg: Nr 5 på 200 m – 20,40 OL 1996 i Atlanta: Utslått i kvartfinalane på 200 m VM 1997 i Aten: Bronsemedalje på 200 m – 20,26 VM 1999 i Sevilla: Sølvmedalje på 200 m – 20,00, bakom Maurice Greene (19,90). Bronse i 4 x 100 m stafett OL 2000 i Sydney: Sølv i 4 x 100 m stafett. Nr 6 på 200 m – 20,28
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Claudinei da Silva» frå , den 4. juli 2022.
World Athletics
Kategori:Brasilianske friidrettsutøvarar Kategori:Sprintarar Kategori:Bobkøyrarar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Brasil Kategori:Deltakarar i både vinter-OL og sommar-OL Kategori:Brasilianske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2000 Kategori:Brasilianske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Brasilianske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Bobkøyrarar under vinter-OL 2006