Yoandri Betanzos () er ein kubansk tidlegare tresteghoppar frå Santiago de Cuba. Han vann sølvmedaljen i øvinga i VM 2003 og VM 2005.
Aktiv Betanzos sette personleg rekord med 17,29 meter i 2002-sesongen. Under verdsmeisterskapen i Paris året etter presterte han årsbeste og kneip sølvmedaljen med 2 centimeters margin. I 2004 forbetra han sitt personbeste til 17,53 m, ved dei olympisk leikane i Athen landa han på 17,47 m, ein centimeter for kort til å ta medalje.
I Helsinki-VM 2005 kneip Betanzos ein ny bronsemedalje. Med 17,42 m slo han tredje- og fjerdemann i tevlinga med 2 og 3 cm. Han flytta den personlege rekord en til 17,63 m i 2006 og til sist til 17,65 meter i Havana i 2009. Desse åra lukkast han ikkje nå dei same lengdene i dei største meisterskapstevlingane.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2003 i Paris: Sølvmedalje – 17,28 m, bakom Christian Olsson (17,72 m) OL 2004 i Aten: Nr 4 – 17,47 m VM 2005 i Helsinki: Sølvmedalje – 17,42 m, bakom Walter Davis (17,57 m) VM 2007 i Osaka: Utslått i kvalifiseringa (16,54 m=nr 20) VM 2009 i Berlin: Utslått i kvalifiseringa (16,77 m=nr 17) VM 2011 i Daegu: Nr 11 – 16,67 m OL 2012 i London: Utslått i kvalifiseringa (16,22=nr 23)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Yoandri Betanzos» frå , den 30. juni 2022.
World Athletics
Kategori:Cubanske tresteghopparar Kategori:Cubanske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Cubanske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Folk frå Santiago de Cuba