mini|Det nauriske flagget Naurisk historie tek for seg historie til Naoero, tidlegare kjend som Nauru, ein øystat i Stillehavet. Folkesetnaden på øya, nauruarane, er truleg etterkommarar av polynesiske eller melanesiske oppdagingsreisande frå Ny-Guinea som slo seg ned på Naoero. Øya vart oppdaga av europearane for drygt 200 år sidan, og var under styret til høvesvis Storbritannia, Australia, Tyskland og Japan før landet fekk sjølvstende i 1968. På 1970-talet var Naoero det nest rikaste landet i verda rekna etter BNP per person, ettersom dei hadde ei stor utvinning av fosfat, men i dag vert Naoero klassifisert som eit u-land.
mini|Auweyida og Eigamoiya saman med innfødde nauruarar Tidleg soge Det er ein del usikkerheit rundt opphavet til dei innfødde nauruarane. Ein meiner at nauruarane stammar frå den siste malayo-stillehavsfolkevandringa (frå rundt 1200 f.Kr.), då polynesiske eller melanesiske seglarar frå Ny-Guinea kan ha busett seg der. Dei fyrste nauruarane var mogeleg mikronesiske, som i det vestlege Stillehavet delvis er blanda med melanesiarar.
Det er den britiske kapteinen John Fearn som vert rekna som den fyrste europearen som oppdaga Naoero 8. november 1798, med kvalfangarskipet «Hunter». På grunn av øya si plassering, kalla dei ho for «Pleasant Island» ('Den behagelege øya'), eit namn som ville halda fram i dei neste nitti åra, då Storbritannia styrte øya. På 1800-talet hadde Naoero eit rykte på å vera eit piratreir. mini|Gamal naurisk mann. Bilete teke i 1914 av Augustin Erdland. På Naoero var det tolv stammar: Deiboe, Eamgum, Eamwidamit, Eamwidara, Eamwit, Eano, Emeo, Eoraru, Irutsi, Iruwa, Iwi og Ranibok. Iruwa er den stammen som ikkje er innfødd på Naoero, han kjem opphavleg frå Gilbertøyene. Før 1888 var det ingen felles leiar av alle stammane. I dag finst det ingen etterkommarar frå stammane Irutsi og Iwi, etter at alle stammemedlemmene frå Irutsi og Iwi døydde ut under den japanske okkupasjonen av Naoero, då dei fleste nauruarane vart sende til Truk (Chuuk). Det var tilfeldig at alle medlemmene frå desse stammane døydde. I dag er stammane representerte med kvar sin tagg i stjerna med tolv taggar i det nauriske flagget. Nauruarane identifiserer seg ikkje lenger med kva stamme dei høyrer til, men heller med kva distrikt dei bur i.
Kolonitida
Før fyrste verdskrigen venstre|mini|Rustningen til ein naurisk krigar under stammekrigen mini|Tysk anneksjonsseremoni i Naoero; kong Auweyida fremst i midten Den europeiske immigrasjonen, hovudsakleg frå Storbritannia, byrja for fullt frå 1830. Dette skapte utfordringar for den nauriske folkesetnaden, då tidlegare ukjende sjukdomar som influensa kom til øya og tok mange liv. I 1878 byrja òg den nauriske stammekrigen, som skulle vara i ti år. Denne krigen minska folkesetnaden til Naoero med ein tredjedel.
Den nauriske stammekrigen vart fyrst stansa då Tyskland tok over øya den 16. april 1888, og den 2. oktober same år, vart øya annektert til det tyske protektoratet Marshalløyene. Tyskland tok hovudsakleg over øya for å styrkja sin koloniale posisjon i Stillehavet. Den tyske kommisjonæren nytta høvdingen Auweyida og kona hans Eigamoiya som representantane til keisaren på øya. Inntil 1920 tilhøyrde Naoero det tidlegare Tysk Ny-Guinea.
Det var i 1900 dei enorme fosfatressursane på øya vart oppdaga. Ein trudde fyrst at det var rundt 42 millionar tonn der. Fosfatet som vart eksportert frå Naoero vart ofte kalla «nauruit» fordi det hadde ein spesiell utsjånad, og dessutan at det inneheldt fluorin. I 1905 vart det danna eit tysk-britisk samarbeidsselskap, som frå 1906 kontrollerte fosfatutvinninga på øya. Dette førte til at fleire menneske frå Kina og Gilbertøyene kom til Naoero for å skaffa seg arbeid.
I 1907 segla dei fyrste skipa lasta med fosfat ut frå Naoero. The Pacific Phosphate Company var viktig for å byggja opp infrastrukturen til Naoero, blant anna var dei med på å byggja opp eit sjukehus, kloakkanlegg, eit kondenseringsanlegg for ferskvassforsyning i tørketider, ein sodavassfabrikk, til og med ismaskiner og kjølekammer. Det vart òg laga eit kraftverk, så ein kunne nytta elektriske lys. Innan 1913 hadde 46 skip segla frå Naoero, lasta med til saman 138 725 tonn fosfat.
Den protestantiske misjonsorganisasjonen i Boston omplasserte i 1899 den tysk-amerikanske misjonæren Philip Delaporte til Naoero frå Gilbertøyene, kvar han sidan 1887 hadde vore misjonær. I 1908 vart ein protestantisk misjonærstasjon oppretta på øya, og tysk vart det offisielle skulespråket på øya. I 1902 hadde Den katolske kyrkja oppretta ein misjonærstasjon. Noko seinare vart polygamiet erstatta med det kristne monogame ekteskapet.
Under fyrste verdskrigen Naoero vart under den fyrste verdskrigen, som andre tyske koloniar i Stillehavet, overgjeven utan kamp. Naoero vart okkupert av australske troppar den 4. august 1914. Frå 17. desember 1920 administrerte Australia på vegner av Storbritannia og Ny-Zealand Naoero som eit mandatområde, og sikra seg rettane til utvinning av fosfatressursane til spottpris. Det var i 1927 «hovdingrådet» vart danna, dét vert rekna som den fyrste nauriske politiske instansen.
I 1919 vart angam-dagen kunngjort. Det vart vedteke at når den 1 500. nauruaren vart fødd, skulle denne dagen vera ein nasjonal heilagdag. 1 500 vert sagt å vera den nedre grensa for overlevinga i eit samfunn. Den 26. oktober 1932 vart den fyrste angam-babyen fødd.
Under andre verdskrigen mini|USAs bombardement av Naoero I byrjinga av andre verdskrigen var ikkje Naoero innblanda, men i slutten av desember 1940 angreip den tyske hjelpekryssaren «Komet» handelsskip ved øya, skaut fosfatanlegget, og fosfatminene vart lamma i ei tid etter. Den 8. desember 1941 kom meldinga om det japanske åtaket på Pearl Harbor. Den følgjande veka vart telegramstasjonen på øya bombardert av eit japansk fly. På Naoero kunne ein høyra at japanarane rykkja raskt nærmare øya enn tidlegare forventa, fordi dei hadde okkupert dei nærliggjande Gilbertøyene. Mange utanlandske innbyggjarar på øya byrja å kjenna seg usikre.
Det britiske fosfatselskapet meinte at det beste ville vera å evakuera øya. Det franske kampskipet «Le Triomphant» segla frå Ny-Hebridane til Naoero, der der tok med seg 61 europearar, 391 kinesarar og 49 medlemmer av den militære garnisonen ombord. Dei siste 191 europearane vart igjen på Naoero, og håpte på å verta evakuerte på same måte på eit seinare tidspunkt, noko som ikkje hende.
Den 26. august 1942 hende det uventa då 300 soldatar frå det japanske riket, som var alliert med Tyskland, Italia o.a., okkuperte øya. Dei tok umiddelbart dei resterande europearane som fangar. Dei rundt 1 850 innfødde nauruarane vart kommanderte til å skaffa japanarane mat. Det vart sett opp forsvarskanonar langs kysten av øya, i tillegg til mange skjul langs kysten og på strategiske punkt i innlandet. Det vart også laga eit underjordisk sjukehus.
Det vart seinare laga planar om å etablera ein flyplass på øya. Omtrent 1 500 japanske og koreanske arbeidarar, med assistanse frå 300 nauruarar og kiribatiarar, var med på å laga han. Flyplassen stod ferdig i januar 1943, og er framleis den internasjonale flyplassen til Naoero.
Samstundes som japanske ekspertar freista å få i gang fosfatproduksjonen igjen, bombarderte amerikanske fly Naoero den 25. mars 1943. Totalt 15 japanske fly vart øydelagde, i tillegg vart rullebanen skada og sett ut av drift. Dei japananske okkupantene avretta fem australske fangar som eit svar på amerikanarane sine bombardement. Forsøket på å retta opp att fosfatproduksjonen vart mislykka, og Naoero vart berre verande ein strategisk viktig stad for japanarane. Dei amerikanske flyraida forårsaka eit avbrot av matforsyningane til øya, noko som gjorde at den japanske kommandøren vedtok å senda 1 200 nauruarar og to misjonærar (blant dei alsassiske Alois Kayser) til arbeidsleirar på Truk, og andre øyer i Karolinane.Haden, J. D. 2000. Nauru: a middle ground in World War II Pacific Magazine
Høva på Naoero under andre verdskrigen var dårlege. Den massive torpederinga av forsyningsskip og stadige luftraid gjorde det vanskeleg for menneska å leva på øya, utan import av varer måtte folkesetnaden overleva på det dei kunne laga sjølv. Mot slutten av krigen var rundt 300 japanarar utsvelta, og mange greip til kannibalisme for å overleva. Den japanske overgjevinga av Naoero kom den 13. september 1945 ombord på det australske krigsskipet HMAS «Dimantina». Om lag 3 745 japanarar og koreanarar drog tilbake til heimlanda sine, men nokre vart stilte for krigsrett, på grunn av avretting av europeiske og nauriske fangar. I januar 1946 kom dei overlevande nauruarane, berre 745, tilbake frå arbeidsleirane på Truk. Over ein tredjedel døydde av underernæring og sjukdommar frå arbeidsleirane på Truk. Denne store nedgangen i folkesetnaden på Naoero gjorde ein ny angam-dag nødvendig i 1949.
Frå sjølve sjølvstendet til i dag mini|Representantar for British Phosphate Commission og den nauriske presidenten Hammer DeRoburt (til høgre) på sjølvstendedagen 31. januar 1968.
Velstandsperiode mini|Eit skip vert lasta med fosfat (1975). mini|Eit tog lasta med fosfat på smalsporbanen på øya i 1975. Etter andre verdskrigen gjekk Naoero igjen til Australia. I 1947 vart øya eit tilsynsområde kontrollert av Australia, Storbritannia og New Zealand. Den 18. desember 1951 fekk øya eit indre sjølvstyre, og i 1956 vart den øvste høvdingen, Timothy Detudamo, regjeringsformann. Etter at Raymond Gadabu frå 1953 til 1955 hadde hatt dette vervet, tok Hammer DeRoburt over, og han arbeida hardt for Naoero sitt sjølvstende. Allereie i 1966 var øydeleggingane etter fosfatindustrien på øya tydelege; inngrepa i naturen var enorme og staden var korkje mogeleg å ferda eller å bu i. Australia tilbaud seg derfor å gjeva ei øy tilhøyrande Queensland til nauruarane i bytte mot Naoero, men nauruarane ville heller verta på Naoero og få sjølvstende. Etter ei folkerøysting erklærte Naoero i 1967 sjølvstendet sitt, som avslutta det australske verjemandatet over øya. Den 31. januar 1968 vart Naoero politisk sjølvstendig, og vart godkjend av Australia og FN som ein republikk; fyrste president vart Hammer DeRoburt. DeRoburt vart verande president til 1976, då Bernard Dowiyogo tok over. Dowiyogo vart internasjonalt lagt merke til då han kritiserte Frankrikes testsprengingar av atomvåpen i Stillehavet.
Naoero tente pengar fyrst på fosfatutvinninga etter 1970, då Nauru Phosphate Corporation vart etablert og tok over for det britiske fosfatselskapet. Fosfatinntektene var til hjelp for Naoero ved å forbetra infrastrukturen til vestleg standard, ein hovudveg vart laga rundt heile øya, og dessutan ein veg frå Buada til og rundt Buada-lagunen, og i tillegg til to australske kraftverk i Aiwo. Rekna etter BNP per person vart Naoero det nest rikaste landet i verda, nest etter Saudi-Arabia.
Med gravemaskinar vart fosfat dagleg grave opp frå jorda, og transportert til skip ankra opp utanfor korallreva i Aiwo via ein smalsporbane. Det vart årleg henta ut rundt 2 millionar tonn fosfat. Restane etter utvinninga er i dag berre ein uegna stad å bu på, og vert samanlikna med eit månelandskap av korallstein. Berre ei kyststripe på 150–300 meter står igjen som stad til busetjing. Det australske samveldet heldt oppe tilbodet sitt om ei øy utanfor Queensland, men den nauriske regjeringa nekta, fordi dei var redde for at sjølvstendet ville gå dukken viss dei tok imot tilbodet.
Naoero saksøkte Australia på grunn av deira fosfatutvinninga på øya før Naoero sitt sjølvstende. Den 9. august 1993 fekk Naoero 107 000 000 dollar i kompensasjon frå Australia til eit restaureringsprogram for øya. Dette programmet inneheldt blant anna rehabilitering av område der fosfat hadde vorte utgrave, der berre koralltakker stod att, pengane vart òg nytta til annan modernisering av infrastrukturen på øya. Som ei fylgje av denne kompensasjonen frå Australia, valde Naoero å ikkje vidare forfølgja saka mot Australia.