Glattsil (Gymnammodytes semisquamatus) er ein lang, smal fiskeart i silfamilien som finst i Aust-Atlanteren.

Utsjånad Glattsil er ein lang, smal fisk utan skjel på framkroppen og med tannlause kjever med tydeleg underbitt. Han har ingen bukfinnar, ryggfinnen er lang, og både denne og analfinnen har bølgete kantar. Sidelinja er ikkje rett, men har små, korte utskot. Fisken blir normalt ikkje mykje meir enn 15 cm lang, men han kan bli opptil 30 cm.

Levesett Arten lever på djupner mellom 25 og 250 m over skalgrusbotn. Føda består av plankton.

Forplanting Gytetida varierer; i Nordsjøen finn ho stad om våren og hausten. Hoene kan på det meste legga 30 000 klebrige egg som festnar seg på botnen. Larvene er derimot pelagiske.

Utbreiing Glattsil finst aust i Atlanterhavet frå Sør-Noreg, Skagerrak, Dei britiske øyane (inklusive Shetlandsøyane) via Nordsjøen til Portugal.

Kommersiell bruk Glattsil blir som andre artar i silfamilien fiska som industrifisk. Han blir også brukt som agn.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Slättobis» frå , den 11. juni 2022.

Kategori:Silfamilien Kategori:Fisk i Noreg Kategori:Fisk i Nordatlanteren Kategori:Piggfinnefiskar