Minsk-Arena (belarusisk Мінск-Арэна) er eit sportskompleks i Minsk i Belarus. Anlegget vart ferdigstilt i 2009 og opna 30. januar 2010.
Komplekset består av tre ulike hallar: Fleirbrukshall med plass til inntil 15 000 tilskodarar. Hallen vert mest brukt til konsertar og ishockey. Arenaen er heimebanen til ishockeyklubben HK Dinamo Minsk og basketballklubben BK Tsmoki-Minsk. Skeisehall med bane for hurtigløp på skeiser og bandy. Hallen har plass 3 000 tilskodarar. Velodrom med tilskodarplass til 2 000. Banen er 250 meter lang med tredekke.
Minsk-Arena var finalearena for verdsmeisterskapen i ishockey i 2014 og Junior Eurovision Song Contest i 2010 og 2018. Skeisehallen var vertsarena for europameiserskapen på skeiser i 2016.
Referansar
Denne artikkelen bygger på «Minsk Arena» frå , den 8. juni 2022.
Bakgrunnsstoff Nettsida til Minsk Arena (arkivert nettside)
Minsk Arena på effesport.nl (med nokre resultat)
Kategori:Skeisearenaer Kategori:Idrettshallar Kategori:Byggverk i Belarus Kategori:Byggverk ferdigstilt i 2009 Kategori:Minsk