Gyda Christensen Hambro () var ein norsk skodespelar, dansar, koreograf og teatersjef.
Ho var ved Christiania Theater 1894-1899 og 1920-28, ved Nationaltheatret 1899-1919 og som dansar og i leiinga ved Det Nye Teater 1928-45. Mellom 1936 og 1939 instruerte ho ved Nationaltheatret. Mellom 1909 og 1910 gav ho nyskapande Chopin-tolkingar med Karl Nissen og blei leiar for ballettskulen ved Nationaltheatret. Ho gjekk sjølv i skule hjå Emilie Walbom i København, som dottera Lillebil Ibsen debuterte frå i 1911. I 1937 regisserte ho filmen To levende og en død saman med svigersonen Tancred Ibsen.
Ho var fødd Gyda Martha Kristine Andersen. Den første ektemannen hennar, mellom 1893 og 1903, var ingeniør Georg Monrad Krohn. Dei fekk dottera Lillebil Ibsen i 1899. Den andre ektemannen hennar var teatersjef ved Nationaltheatret, Halfdan Christensen 1905-1922. Ho var gift 3. gong med politikaren Carl Joachim Hambro d.e. frå 1946.
Utmerkingar
Kongens fortjenstmedalje i gull 1940
Referansar
Denne artikkelen bygger på «Gyda Christensen» frå , den 6. juni 2022.
Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Kongens fortenestmedalje i gull Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Norske teatersjefar Kategori:Norske filmregissørar Kategori:Norske koreografar Kategori:Norske dansarar