Nils Reidar Utsi () var ein norsk samisk skodespelar, dramatikar og teaterinstruktør frå Tana i Finnmark.
Liv og virke
Utdanning Utsi var fødd i Tana. Etter gymnas i Finnmark tok Nils Utsi skodespelarutdanning ved Statens Teaterskole i Oslo, der han kom inn i 1964 som den fyrste samiske studenten.
Karriere Etter skulen blei han tilsett ved Den Nationale Scene i Bergen der han var i tre år frå 1968 til 1971. Han var deretter med på å starta Hålogaland Teater hausten 1971. Dette var det fyrste profesjonelle teateret i Nord-Noreg, og det fyrste regionteateret i Noreg. Utsi var ein av dei kunstnariske drivkreftene ved teateret og deltok i alle produksjonane dei første åra. Dette var ofte oppsettingar som tok utgangspunkt i regional kultur og politikk, mellom anna historia til arbeidarrørsla i Nord-Noreg.
Utsi gjesta seinare Hålogaland Teater (HT) ved opninga av kulturhuset i Tromsø 1983 med Petter Dass, der han hadde hovudrolla, og igjen ved HT sitt 25-årsjubileum i 1996, der han hadde hovudrolla i Postmannen fra Arles. Også ved opninga av det nye teaterhuset til HT i 2005 gjesta Utsi i ei rolle i Benoni og Rosa.
Nils Utsi blei kjend i større delar av Noreg gjennom rolla som faren til sameguten Ante i barne-TV-serien med same namn. Serien blei send på NRK for fyrste gong i 1976 og 1977, og Utsi var personinstruktør for dei samiske medverkande. I den fyrste samiske spelefilmen Ofelaš/Veiviseren (1987), i regi av Nils Gaup, hadde han ei sentral rolle. Filmen blei oscarnominert. I den neste, Bázo frå 2003, hadde han òg ei rolle. Nils Utsi var òg med i Gaup-filmen Kautokeino-opprøret frå 2008. I 2009 spelte han i filmen Jernanger regissert av Pål Jackman. Han deltok i ei lang rekke kortfilmar, mellom anna i samarbeid med Nordland kunst- og filmfagskule.
I 1997 hadde Nils Utsi hovudrolla i Jeppe på Bjerget av Ludvig Holberg i ein samisk versjon, Jeagge Jussa, produsert av Beaivvás Sámi Teáhter i Kautokeino. I 2004 var han instruktør for skodespelet Stein i lomma (Stones in his Pockets) ved same teater. I 2012 hadde han ei sentral rolle i ungdomsserien Hjerterått (regissert av Nils Gaup) på NRK. I 2014 var han ved Stockholms Svenska Riksteatern i När vinterns stjärnor lyser här.
Under Alta-konflikten blei Utsi fjerna frå Stilla tre gonger, og var den fyrste personen av fleire som vart stilt for retten for demonstrasjonen.
Teaterarbeid (utval)
Ved Den Nationale Scene i Bergen
1968: Lille Malcolm og hans kamp mot evnukkene 1969: Nederlaget av Nordahl Grieg 1969: Mens vi venter på Godot av Samuel Beckett 1970: Peer Gynt av Henrik Ibsen
Ved Hålogaland Teater
1971: Tolvskillingsoperaen av Bertolt Brecht 1971: Gutten og gullfuglen av Nils Utsi, Sigmund Sæverud, Tone Danielsen 1973: Det er her æ høre tel av Klaus Hagerup 1975: Vor ret vi tar av Klaus Hagerup og Dag Skogheim 1975: Peer Gynt av Henrik Ibsen 1978: Krittringen av Bertolt Brecht 1984: Petter Dass av Lars Berg 1997: Postmannen fra Arles av Ernst Bruun Olsen 2005: Benoni og Rosa av Knut Hamsun 2011: En folkefiende av Henrik Ibsen
Ved Beaivváš Sámi Našunálateáhter
1997: Jeagge Jussá (Jeppe på Bjerget) av Ludvig Holberg 2000: Eatni váibmu vardá (En mors hjerte blør) av Nils Utsi 2004: Regi på Lummaid dievva geađggit (Stein i lomma)
Ved Ice Globe Theater
2004: Hamlet
Filmroller
1974: Under en steinhimmel 1975: Ante – også personregi 1980: La elva leve! 1980: Svart hav – også manus 1983: Jon 1986: Nattseilere 1987: Veiviseren (Ofelaš) 1992: Den femtonde hövdingen 2003: Bázo 2008: Kautokeino-opprøret 2009: Jernanger 2009: Polmak i Tana 2010: Robert Mitchum est mort 2011: Dunderland 2011: Skumringslandet 2012: Hjerterått 2013: Bonki 2017: Den 12. mann 2019: Askeladden – i Soria Moria slott
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Nils Utsi» frå , den 19. mai 2022.
Kategori:Folk frå Tana Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Samiske skodespelarar