«It's Too Late» er ein song frå Carole King-albumet Tapestry frå 1971. Toni Stern skreiv teksten og King skreiv musikken. Han vart gjeven ut som singel i april 1971 og gjek til topps på Billboard Hot 100 og Adult Contemporary-lista. Salet vart seinare sertifisert til gullplate av RIAA. Billboard rangerte «It's Too Late» og den andre A-sida, «I Feel the Earth Move», til den tredje beste songen for 1971.

Musikk og tekst

Teksten skildra den ulastelige slutten på eit kjærleiksforhold. Musikkritikaren Dave Marsh såg implisitt feminisme fordi kvinna forlét mannen. Marsh noterte òg modenheita i temaet. Musikkritikaren Robert Christgau skreiv at «viss det er ein sannare song om å bryta opp enn 'It's Too Late', er ikkje verda (eller i det minste AM-radio) klar for det.» Marsh skildra melodien som Tin Pan Alley og arrangementet som ei kryssing mellom lett jazz og «L.A. studio-handverk.» Rolling Stone noterte at den «varme, alvorlege synginga» til King på songen fekk fram vemodet i songen. I følgje forfattaren James Perone, er kjensla av songen forsterka av det instrumentale arbeidet til Danny Kortchmar på gitar, Curtis Amy på saksofon og King på piano. Kortchmar og Amy har kvar sin instrumentalsolo. Cash Box skildra songen som «ein kjenslevar ballade med ein sterk rock under-beat.»

Toni Stern fortalde forfattaren Sheila Weller at ho skreiv teksten på ein enkelt dag, etter at kjærleiksforholdet hennar til James Taylor tok slutt. Innspelinga vann Grammyprisen for Årets singel i 1972, og songen er inkludert på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.

Medverkande Carole King – piano, vokal Curtis Amy – sopransaksofon Danny «Kootch» Kortchmar – conga, elektrisk gitar Charles «Charlie» Larkey – bassgitar Joel O'Brien – trommer Ralph Schuckett – elektrisk piano

Lydspor

«It's Too Late» har vore brukt i Hollywood-filmar, inkludert Fandango (1985), The Lake House (2006) og Invincible (2006).

Priser og heider «It's Too Late» toppa Billboard Hot 100 og Adult Contemporary-listea. Han var på Hot 100 som ei dobbel A-side med «I Feel the Earth Move». Singelen selde til gullplate i USA. «It's Too Late» vann Grammyprisen for årets plate i 1972. «It's Too Late» er rangert på 469. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene. Saman med den andre A-sida vart han kåra av RIAA til nr. 213 av 365 Songs of the Century.

Salslister

Vekeslister Carole King Liste (1971)PlasseringAustralia6Canada RPM Adult Contemporary2Canada RPM Top Singles1Ireland8New Zealand (Listener)6UK6US Billboard Hot Adult Contemporary Tracks1US Billboard Hot 1001US Cash Box Top 1001 Bill Deal & the Rhondels Liste (1972)PlasseringUS Billboard Bubbling Under the Hot 100Joel Whitburn's Bubbling Under the Billboard Hot 100 1959-2004108

Årslister Liste (1971)PlasseringAustralia33Canada RPM Top Singles5US Billboard Hot 1003US Cash Box2

Liste for alle tider Liste (1958-2018) PlasseringUS Billboard Hot 100250

Salstrofé

Gloria Estefan-versjonen

I 1995 gav den kubansk-amerikanske songaren og låtskrivaren Gloria Estefan ut sin versjon av «It's Too Late» som den tredje singelen (i USA) og den fjerde singelen totalt frå det fjerde studioalbumet hennar, Hold Me, Thrill Me, Kiss Me.

Mottaking AllMusic-redaktøren Eddie Huffman skildra songen som eit «augneblikk av ekte patos» i meldinga si av Hold Me, Thrill Me, Kiss Me. Phil Shanklin i ReviewsRevues skreiv at «røysta til King har ikkje den same varmen som Estefan si.»

Offisielle nversjonar Albumversjonen – 3:57 Piano mix – 3:38 Radio mix – 3:19

Salslister

Vekeslister Liste (1995)PlasseringAustralia (ARIA) 56US Hot Adult Contemporary Tracks (Billboard)31US AC Top 30 (R&R)13

Årslister Liste (1995)PlasseringUS AC Top 30 (R&R)46

Format og innhald

Andre versjonar Songen er blitt spelt av: 1970: Bill Deal and the Rhondels 1971: Johnny Hammond på albumet sitt Breakout 1971: Bobbi Humphrey på albumet hennar Flute In 1972: The Isley Brothers på albumet deira Brother, Brother, Brother; nådde 39. plassen på R&B-lista 1972: Billy Paul på albumet sitt 360 Degrees of Billy Paul 1972: The Stylistics på albumet deira Round 2 1972: Denise LaSalle på albumet hennar Trapped By A Thing Called Love 1972: Dennis Coffey på albumet sitt Goin' for Myself 1973: Isaac Hayes på albumet sitt Live at the Sahara Tahoe 1975: Dennis Brown på Herman Chin Loy-albumet Aquarius Dub 1990: David Lasley på albumet sitt Soldiers On The Moon 1991: Dina Carroll med duoen Quartz, som gav ho hennar først hit. Han nådde åttandeplassen på UK Singles Chart 1991: Culture Beat på albumet deira Horizon 1995: Amy Grant for Tapestry Revisited: A Tribute to Carole King 2000: Kyle Vincent på albumet sitt Solitary Road 2015: China Crisis på albumet 80's Re:Covered - Your Songs with the 80's Sound 2015: Chris Colfer og Darren Criss i Glee

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «It's Too Late av Carole King» frå , den 16. mai 2022. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Singlar frå 1971 Kategori:Singlar frå 1991 Kategori:Singlar frå 1995 Kategori:Songar skrivne av Carole King Kategori:Carole King-songar Kategori:Songar produserte av Lou Adler Kategori:Songar på toppen av Billboard-lista Kategori:Nummer-ein-singlar i Canada Kategori:Songar om hjartesorg Kategori:Songar skrivne av Toni Stern Kategori:Ode Records-singlar Kategori:Songar frå 1971 Kategori:Epic Records-singlar Kategori:Doo-wop-songar Kategori:Gloria Estefan-songar Kategori:The Isley Brothers-songar Kategori:Andy Williams-songar Kategori:Johnny Mathis-songar Kategori:Lesley Gore-songar Kategori:Amy Grant-songar Kategori:Harold Faltermeyer-songar Kategori:Isaac Hayes-songar