Markus Vangen () er ein norsk stand-up-komikar og radioprogramleiar frå Oslo. Frå 1. januar 2022 er han tilsett i NRK si humor- og underhaldningssatsing på podkast.

Vangen studerte radio og lydproduksjon ved Danvik Folkehøgskole i 2014/15. Gjennom skulen fekk han praktikantopphald og seinare tilsetjing som programleiar i Radio Metro. Der laga han mellom anna podkasten Ukast med Tarjei og Markus, som vart nominert i kategorien Årets Humor under Prix Radio 2016. Seinare vart Vangen nominert i kategorien Årets Unge Radioprofil under Prix Radio 2019 for arbeidet som programleiar i Radio Metro.

Ved sida av radioarbeidet byrja Vangen å studera journalistikk ved Høgskolen i Oslo og Akershus hausten 2016. På same tid starta han å driva med stand-up-komedie, og heldt framsyningar ei rekke stader i Noreg. 10. oktober 2017 debuterte han på scena på Latter i Martin Lepperød og Henrik Farley sitt show Alt er lov.

30. juli 2021 sette Vangen saman med Jesper Breen opp framsyninga Velkommen Tilbake som ein del av Oslo Humorfest.

I mars 2021 forlét Vangen Radio Metro, og starta som podkastprodusent for NRK P3. Der produserte han mellom anna radioprogrammet Lekekassa og podkasten Berrum & Beyer snakker om greier. Vinteren 2021/22 var Vangen vikarprogramleiar for ei rekke sendingar av P3morgen. I januar 2022 vart Vangen fast tilsett i NRK.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Markus Vangen» frå , den 12. mai 2022.

Kategori:Norske komikarar Kategori:Norske programleiarar