Marjut Aikio er ein finsk forskar og forfattar og professor emerita ved Universitetet i Tromsø.

Ho studerte ved Helsingfors universitet, og tok doktorgraden ved Oulu universitet i 1988. Ho disputerte på avhandlinga Saamelaiset kielenvaihdon kierteessä. Kielisosiologinen tutkimus viiden saamelaiskylän kielenvaihdosta 1910–1980, ein studie av samiske språktilhøve i Vuotso i tidsrommet 1910–1980.

Aikio blei professor i finsk ved Universitetet i Tromsø i 1988. Ho har også vore seniorforskar ved Samisk institutt i Kautokeino og dosent ved Oulu universitet og Laplands universitet i Rovaniemi innan samisk kulturforskning.

Ho har gjeve ut rundt 70 vitskaplege artiklar, der halvparten er på finsk og resten på andre språk. Dei tek hovudsakleg for seg samisk kultur eller samiske språktilhøve.

Bøker Kirjeitä Saamenmaasta ('Brev fra Sameland', 2003) Särestö - taiteilijakoti ('ein kunstnarheim, 2005), kunstnarbiografi i samarbeid med sonen Matti Aikio, som illustrerte boka

Kjelder

Kategori:Professorar ved UiT Noregs arktiske universitet Kategori:Finske forskarar Kategori:Personar innafor samisk språkforsking