mini|Skalamodell i 1:6 av ein tysk giljotin frå 1854. Ein giljotin er ei falløks som mellom andre kong Ludvig den 16. og dronning Marie-Antoinette av Frankrike vart halshogne med. Giljotinen vart foreslegen av ein fransk lege, med namnet Joseph Guillotin. Giljotinen vart bruka første gongen i 1792, under den franske revolusjonen. Før den tid, under l'Ancien Regime (det gamle regimet), vart det ofte bruka meir langtrekte avlivingsmetodar.

Frankrike Giljotinen var den offisielle avlivingsmetoden i Frankrike inntil dødsstraff vart avskaffa i 1981. Loi n°81-908 du 9 octobre 1981 portant abolition de la peine de mort Legifrance.gouv.fr. Henta 7. mars 2023. Dei tre siste som vart avretta med giljotin i Frankrike var barnemordaren Christian Ranucci (28. juli 1976) i Marseille, Jérôme Carrein (23. juni 1977) i Douai og tortur-mordar Hamida Djandoubi (10. september 1977) i Marseille. Djandoubi var den siste personen som vart avretta med giljotin brukt av nokon styresmakter.

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Guillotine» frå , den 7. mars 2023.

Litteratur

Bakgrunnsstoff

Kategori:Avrettingsmetodar Kategori:Den franske revolusjonen