Dag og Tid er ei nynorsk vekeavis. Utgjevarstaden er Oslo med adresse Pilestredet 8.

Avisa kom med fyrste prøvenummer i 1962, med den kjende NRK-profilen Arthur Klæbo som redaktør. Det skulle gå så lenge som seks år før avisa klarte å etablere stabil drift med vekentlege ugjevingar. Det skjedde frå 1968. Dag og Tid hadde eit oppsving kring striden med EF. På siste halvdel av 1970-talet kom avisa med to nummer i veka.

Dag og Tid er politisk sjølvstendig, men med ein klår motstraums og målpolitisk profil. Ho legg vekt på stoff om kultur og politikk, og gjer plass for innlegg og artiklar som dekkjer eit breidt spekter av samfunnsoppfatningar. Eigarskapet er spreidd på rundt 1200 aksjonærar.

Kjende namn i Dag og Tid opp gjennom historia har mellom anna vore Herbjørn Sørebø, Ivar Eskeland, Per Øyvind Heradstveit, Daniel Liseth, Olav Rytter, Kristin Fridtun, Jon Hustad og Agnes Ravatn.

Redaktørar

Arthur Klæbo 1962 Olav Maaland Tor Gabrielsen 1967-1979 Kjell Snerte 1967-1975 Bjarne Myrstad 1974–1979 Kjetil Tandstad 1976–1980 Helge Arild Bolstad 1976–1985 Asgeir Olden 1986–1990 Arnhild Skre 1990–1993 Audun Skjervøy 1993–2001 Svein Gjerdåker 2001–

Opplag Bekrefta netto opplagstal frå Mediebedriftenes Landsforening: 1993: 6263 1994: 5886 1995: 6011 1996: 6375 1997: 6728 1998: 6766 1999: 6319 2000: 6318 2001: 6671 2002: 6519 2003: 6982 2004: 7029 2005: 7054 2006: 7206 2007: 7228 2008: 7233 2009: 7531 2010: 8338 2011: 8729 2012: 9132 2013: 9582 2014: 10778 2015: 10948 2016: 11211 2017: 11271 2018: 11720 2019: 12053 2020: 12904 2021: 13425 2022: 13758 2023: 14663 2024: 15093

Kjelder <div class="references-small"> Norsk presses historie 1660-2010, Bind 4, side 72. Universitetsforlaget 2010. ISBN 978-82-15-01604-7 </div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Dag og Tid» frå , den 9. mars 2013.

Bakgrunnsstoff Dag og Tid Medieregisteret: Dag og Tid (Medietilsynet

Kategori:Norske aviser etter namn Kategori:Norske riksdekkjande aviser Kategori:Aviser i Oslo Kategori:Skipingar i 1962 Kategori:Nynorske tidsskrift