Emma Kongslie Ellingen () er ein norsk modell og programleiar for TV 2. Ho er kjend for openheita si om å vere transkvinne i Noreg, og fleire norske medium har omtalt henne som eit førebilete for mange unge transpersonar.
Bakgrunn Ellingsen vaks opp på Nøtterøy i Vestfold. Som niåring fortalde ho familie og vener at ho følte seg som jente, ikkje som gut. I 2014 vart ho kjend for ålmenta gjennom den norske dokumentarserien Født i feil kropp, som handla om eit utval barn og unge i Noreg som identifiserte seg som transpersonar. Ho vart seinare ein av dei portretterte ungdommane i TV-serien Generasjon Z.
Karriere I 2014 oppretta ho YouTube-kanalen Emma Ellingsen. Innhaldet består av tutorials, video- og reisebloggar. YouTube-videoen Jeg ble født gutt vann Gullsnutten i 2017 for årets beste video. Ho byrja etter kvart å snakke engelsk i videoane sine for å nå ut til eit breiare publikum. Den fyrste engelskspråklege videoen hennar I'm transgender fekk internasjonal merksemd. Per april 2022 hadde ho 431 000 abonnentar og 30 millionar visingar.
Ellingsen er knytta til mediebyrået Kontent.
Modellkarriere og mote Ellingsen har kontrakt med det København- og Oslo-baserte modellbyrået Heartbreak Management. I 2018 tok ho eit friår frå skulen for å fokusere på modellkarrieren sin og publisering av innhald via sosiale medium. I 2020 var Ellingsen med i den 13. sesongen av Bloggerne på TV 2. Der var ho ei av dei to nye deltakarane i programmet og også blant dei yngste som var med.
Ellingsen slo igjennom med modellkarrieren i 2018 med at ho var på framsida av det internasjonale motebladet W Magazine. Der vart ho omtala som Noregs Kendall Jenner. Ellingsen har også vore på forsida av Elle Norge, amerikanske L’officiel, og to gongar på framsida av Det Nye. Ho har samarbeidd med gullsmedfirmaet David Andersen om ein smykkekolleksjon som vart lansert i 2019. I tillegg har ho lansert ein kleskolleksjon saman med NA-KD.
Sommaren 2020 hadde Ellingsen eit samarbeid med kleskjeda Gina Tricot saman med influensarane Matilda Djerf, Tina Maria Hansen, Maja Nilsson Lindelof, Vanessa Moe og Anna Eriksson.
I november 2020 lanserte Ellingsen sminkemerket «Emma Ellingsen Beauty».
Media Mediefråsegner I NRK har Ellingsen uttala seg om at tilbodet av behandling av personar med kjønnsinkongruens på sjukehusa er for dårleg. I dag er det berre Rikshospitalet som tilbyr hormonelle og kirurgiske inngrep. Dette gjer at det blir lang reiseveg for mange.
Deltakingar på fjernsyn 2014: Født i feil kropp, TV 2 2018–2019: Generasjon Z, TV 2 2019: Glow Up, TV 2 2020–2021: Bloggerne, TV 2 2021: Emmas stemme, TV 2 2022: Annerledes, TV 2
Utmerkingar TV 2 sin dokumentarserie Født i feil kropp, som Ellingsen medverka i, vann Gullruten i 2015 for årets beste dokumentarserie.
I 2018 mottok Ellingsen sjølv ein pris, som «Årets influencer» på Se & Hør sin kjendisgalla. I 2019 fekk ho føretaket Asans heiderspris «gullvaginaen», som vart gjeven ut gjennom podkasten Tusvik & Tønne.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Emma Ellingsen» frå , den 22. april 2022.
Kategori:Transkvinner Kategori:Folk frå Nøtterøy Kategori:Norske modellar Kategori:Youtubarar frå Noreg Kategori:Programleiarar for TV2