«Den vilda» er ein svensk etnopopballade frå 1996, med melodi komponert av Peter Grönvall og tekst skriven av Nanne Grönvall. Songen vart framført av gruppa One More Time, som bestod av ekteparet Nanne og Peter Grönvall og Maria Rådsten. «Den vilda» vann svenske Melodifestivalen i 1996 og var det svenske bidaget i Eurovision Song Contest 1996 i Oslo, der han enda på tredjeplass.

Bakgrunn «Den vilda» er komponert av ekteparet Nanne og Peter Grönvall, som i 1990-åra utgjorde gruppa One More Time saman med Maria Rådsten. Songen var eit av ti bidrag til den svenske finalen av Melodifestivalen i Stockholm 24. februar 1996. Der vann han tevlinga og vart dimed det svenske bidraget til den internasjonale finalen i Oslo 18. mai same år.

I Eurovision Song Contest i Oslo Spektrum var «Den vilda» siste bidrag ut på scena av 23 bidrag. Songen var blant favorittane til å vinne, men i likskap med fjoråret, hamna Sverige på tredjeplass med 100 poeng – inkludert 12 poeng frå den irske juryen.

Listeplasseringar «Den vilda» vart gjeven ut på albumet til gruppa, Den vilda, sommaren 1996. Singelen vart sloppen våren same år og nådde sjuandeplass på den svenske singellista. Songen låg også på Svensktoppen i tre veker i mai 1996 med ein femteplass som høgaste plassering.

One More Time spela også inn ein engelskspråkleg versjon, «The Wilderness Mistress», som vart gjeven ut på albumet Living in a Dream i 1997.

One More Time framførte også låten som pausenummer under finalen av Melodifestivalen i 2010.

Liste (1996)Høgasteplassering (Sverigetopplistan)7

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Den vilda» frå , den 21. april 2022.

Kategori:Songar frå 1996 Kategori:Svenske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Svenskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 1996-songar Kategori:Melodifestival-vinnarsongar Kategori:Svenskspråklege songar i Melodifestivalen Kategori:One More Time-songar