Sondre Justad () er ein norsk artist og låtskrivar frå Henningsvær og Borg i Lofoten. I oktober 2015 gav han ut debutalbumet Riv i hjertet.

Biografi Justad gav ut sin fyrste singel, «Nu har du mæ», i 2014 på Petroleum Records. I februar og juni 2015 følgde han opp med singlane «Det e over» og «Tilbake», som begge fekk høg radiorotasjon og tok han til TV-program som VG-lista Topp 20 og Senkveld på TV 2. Samstundes byrja han å gjere seg merka som liveartist, og sommaren 2015 spela han på ei rekkje store festivalar.

Det verkelege gjennombrotet kom hausten 2015, med debutalbumet Riv i hjertet, som vart liggjande på VG-lista i over eit år med ein 6.-plass som beste plassering.VG-lista Topp 20 "Riv i hjertet". Besøkt 27. oktober 2017. Albumet fekk terningkast fem av Aftenposten, Dagsavisen, Avisa Nordland og Fædrelandsvennen. Foran Spellemannprisen 2015 vart Justad nominert i tre klasser: popsolist, årets album og årets nykommer for albumet.Lofotposten 5. januar 2016. Sondre Justad nominert til tre spellemannpriser. Besøkt 27. oktober 2017. Justad fekk Tekstforfatterfondets lyspunktpris for 2015 og vart nominert i klassene årets liveartist og årets låt under P3 Gull i 2016.P3 musikk 8. november 2016. Her er de nominerte til P3 Gull 2016. Besøkt 27. oktober 2017. Seks av låtane på albumet vart lista på nasjonal radio, og tittelsporet «Riv i hjertet» vart den mest spelte norskspråklege låten i 2015.Lofotposten 19. juli 2016. Sondre er mest spilt på radio i Norge . Besøkt 27. oktober 2017. Fem av singlane selde til gull, og éin til platina.IFPI Norge. Besøkt 27. oktober 2017.

Frå oktober 2016 tok Justad pause på ubestemt tid. Han ville gje seg sjølv tid til å fokusere på nye låtar og vegen vidare. Nesten nøyaktig eitt år seinare vart låtane «Ingenting» og «Paradis» slopne. «Paradis» vart A-lista hos både NRK P3 og NRK P1, og framført både på Senkveld (TV 2) og P3 Gull (NRK). Også hans tredje singel, «Gjør det igjen» fekk høg radiorotasjon, og vart framført på Lindmo på NRK1. 23. mars 2018 kom andrealbumet til Justad, Ingenting i paradis. For albumet og låten «Ikke som de andre» fekk han fire nominasjonar foran Spellemannprisen 2018: popartist, årets album, årets musikkvideo og årets låt. Han fekk Gammleng-prisen i klassen populærmusikk for 2019 og vart nominert i klassene årets liveartist og årets låt for «Fontena på Youngstorget» foran P3 Gull 2019. I 2021 gav han ut singelen «Sorry» saman med Musti. For videoen til låten, som vart regissert av Julian Vargas og Eirik Svensson, vart han nominert til Spellemannprisen 2021 i klassen årets musikkvideo.

Ved sida av musikken har Justad engasjert seg i miljø og politikk. Han har blant anna jobba for å hindre olje- og gassutvinning utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja, og har fleire gongar uttala seg kritisk om Noregs handtering av flyktningkrisen.

Under eit intervju i TV-programmet Lindmo 24. mars 2018, skapa Justad overskrifter då han stod fram som bifil og uttala: «Jeg har kjent på at jeg rommer mer, at kjærligheten er større. Jeg kjenner på at … Jeg tror ikke det trenger å være damer eller menn for min del. Det kan hende det går bra med begge deler. At det bor noe mer der.»

Diskografi Album Riv i hjertet (2015) Ingenting i paradis (2018) Singlar/EP-ar Nu har du mæ (2014) Det e over (2015) Tilbake (2015) Riv i hjertet (2015) Tida vi bare va (2016) Ingenting (2017) Paradis (2017) Gjør det igjen (2018) Ikke som de andre (2018) Fontena på Youngstorget (2019) Sorry (2021) - sammen med Musti Chill litt (2021) Pause fra mæ sjæl (2021)

Deltek på RSP & Thomax: Dykkersyke (2015)

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Sondre Justad» frå , den 19. april 2022.

Bakgrunnsstoff Offisiell nettside

Kategori:Norske musikarar Kategori:Norske songarar Kategori:Folk frå Vågan Kategori:Folk frå Vestvågøy Kategori:Norske låtskrivarar